Konfirmasjon
Konfirmasjonstida i kyrkja er ikkje berre for deg som trur. Å vera konfirmant i kyrkja er like mykje for deg som tvilar eller berre er nyfiken. I konfirmasjonstida får du moglegheit til å utforske mange viktige spørsmål saman med andre.

Som konfirmant får du lære meir om både Gud og deg sjølv. Vi snakkar om livet – på godt og vondt. Samstundes får du oppleve mykje nytt og spennande. Du får moglegheit til å vekse som menneske utan press om å prestere. Bli med på ei spanande reise fram mot den høgtidlege konfirmasjonsdagen!
Konfirmantpåmelding