Stryn Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Konfirmant 2026-2027


Det er snart sommar, og om ikkje lenge er du 9.- klassing. Då kan du velje å vere konfirmant eit år.
Vi her i kyrkja håpar du vil vere det hos oss. 

Her finn du all informasjon du treng  om det å vere konfirmant. (Brev er på veg i posten til alle døypte)

Påmeldinga startar her  2. juni (link kjem)

Infomøte i Nedstryn kyrkje 9. juni kl 20.00

VELKOMMEN SOM KONFIRMANT
i Indre Nordfjord 2026-2027!

Det er snart sommar, og om ikkje lenge er du 9.- klassing. Då kan du velje å vere konfirmant eit år. Vi her i kyrkja håpar du vil vere det hos oss.

 

I dette brevet finn du all informasjon du treng
om det å vere konfirmant.

Påmelding skjer på stryn.kyrkja.no f
2. juni
Informasjonsmøte i Nedstryn kyrkje 9.juni kl 20.00
Påmelding innan 20. juni.

 

 

Ei viktig tid- eit viktig val!

Du er berre eitt år unna ein høgtideleg dag i livet ditt. Velkomen som konfirmant i Nedstryn, Oppstryn, Loen, Olden, Innvik, Utvik, Nordsida og Randabygd kyrkjelyd!

 

Konfirmanttida er ei tid for å tenke nye tankar, få nye opplevingar og kanskje nye venner! I konfirmanttida er det tid og rom for å tenke og stille spørsmål.
- Ei tid for å lære meir om Gud, deg sjølv og andre.


Å BLI KONFIRMERT OG LITT OM DÅP

Ordet konfirmasjon kan bety både «å stadfeste» og «å gjere sterk». Konfirmasjonshandlinga er ei forbønshandling der vi ber Gud om å velsigne og styrkje kvar enkelt konfirmant. Det krevst ikkje noko vedkjenning frå konfirmanten. Det viktigaste med konfirmanttida er å bli betre kjent med den kristne trua, der Gud seier ja til oss og vil vere ein del av livet vårt.

Er du ikkje døypt og lurer på om du likevel kan bli konfirmert? Klart du kan, og du er heller ikkje aleine! Over tusen ungdomar vert kvart år døypt i forkant av konfirmasjon Om du er døypt eller ikkje, skriv du inn i nettpåmeldinga. Vi kallar inn til ein samtale om dåp litt ut i året for deg som ynskjer å bli døypt.

 

KONFIRMASJON ER FOR ALLE
Alle er velkomne til konfirmasjonstid i kyrkja– både du som trur, tviler, er usikker, ikkje trur, ikkje har tenkt på sånt før eller er nysgjerrig.
Alle menneske er ulike, og treng ulike tilpassingar. Uansett funksjonsevne har du rett til ei god konfirmanttid. Har du behov for individuell tilrettelegging, er det berre å ta kontakt med oss, så finn vi gode løysingar saman.

 


10 gode grunnar til å vere konfirmant i kyrkja


1. Du får oppleve kva kristen tru er. Det er meir enn eit skulefag.

2. Konfirmasjonsdagen er berre din, og du har ein dag der du blir bekrefta for den du er.

3. Du får oppleve eit nytt fellesskap med andre på samlingar, og du får bli kjent med fleire ungdomar frå Stryn og frå heile Nordfjord.

4. Du får engasjere deg for andre menneske. Du får også lære kva vi kan gjere for å ta vare på jorda og klimaet vårt.

5. På konfirmasjonsdagen får dei som er glad i deg feire deg.

6. Du får tid til å reflektere over store spørsmål, og bli kjent med kva du trur på – og kva som er viktig for deg.

7. I konfirmasjonstida pratar vi om sorg og glede, om livets store og små spørsmål.

8. Du får tid til å reflektere, tenke kritisk og sjølvstendig om tru og kva kristendom er.

9. Du blir del av eit større fellesskap. Berre sjå på #konfirmantene på TikTok!

10. Du møter folk med ulike meiningar, og saman med dei lærer du noko felles.

 

Konfirmantåret består av 5 ulike delar. Til saman omkring 60 timar.

1. KONFIRMANTGRUPPER m/undervisning
Konfirmantane kan velje mellom ulike modellar for undervisning.  (Gruppeynskje skjer i nettpåmeldinga.) 1-2 undervisningsamlingar i grupper pr månad.

A: Undervisning rett etter skulen   
- Stryn: onsdagar eller torsdagar i Betania, kl. 14.45-16.30

- Olden: onsdagar i Solvang, kl. 14.15 – 16.00

 

B: Kreativkonfirmant (fellesgruppe for heile kommunen)
Kreativkonfirmant jobbar kreativt med dei ulike temaene i konfirmantåret.

Dette er gruppa for deg som likar å være kreativ. J

Foto, film, og laging av ulike ting. onsdagar i Betania, kl. 14.45-16.30

 

C: Friluftskonfirmant – «Bål, mat og prat» (fellesgruppe for heile kommunen)

- med undervisning ute som frilufts-/speidaraktivitet. Base ved speidarhuset i Stryn, tysdagar kl. 14.45-16.30

 

D: Musikk-konfirmant (fellesgruppe for heile kommunen)

Deltek på TenSing (torsdagar kl. 18.00-20.00) eller som leder i Soulchildren (måndagar 18-20). Har noko mindre undervisning enn dei andre gruppene, fordi dei får med andakter, og ulike samlingar med koret.  (Soulchildren følgjer Solvang-gruppa på nokre samlingar, mens TenSing har eigne samlingar i forkant av nokre av øvingane.)


Vi er avhengige av nok påmeldte til dei ulike gruppene for at vi skal kunne tilby alle desse vala. Endelig oversikt over kva grupper som blir, kjem til hausten

2. FELLES KONFIRMANTSAMLINGAR FOR HEILE KOMUNEN

Gjennom året samlar vi heile konfirmantgjengen til ulike samlingar. Aktivitetsdag på hausten, ung messe,  konfirmanthelg på våren-  Eit av prosjekta vert å lage samtalegudsteneste. Vi kjem tilbake med meir info om desse samlingane.


3. KONFIRMANFESTIVAL    

Laurdag 17. oktober skal vi på Konfirmantfestival i Operahuset.
Ca 300 ungdomar frå heile Nordfjord.

 

4. FASTEAKSJONEN

Kvart år er konfirmantar og foreldre, saman med lokalekyrkjelyd, med på Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon. Aksjonen finn stad veka før påske (16. mars). Vi ber om at alle konfirmantane stiller med ein vaksen denne dagen.


5. GUDSTENESTER

I løpet av året skal konfirmantane delta på minst 8 gudstenester. Nokre av dei er obligatoriske gudstenester som konfirmantane er aktivt med i, f.eks presentasjon- og samtalegudsteneste. Dei skal også delta med oppgåver i 2 «vanlege» gudsteneste.
 

 
 
 

 

PRIS
Det kostar å drive konfirmantarbeid. Konfirmantavgifta er sett til kr. 1000.
Avgifta dekker undervisningsmateriell, seminar, aktivitetsdag, konfirmantfestival på Eid, litt mat, leige av konfirmantkappe, osb. Dersom du vel Musikk - konfirmant vil du få tilbod om fleire leirar. Betaling for desse + medlemsavgift kjem i tillegg.

 

Om nokon skulle ha problem med å betale avgifta ber vi om at de seier i frå,
så vil vi ordne det (sjølvsagt utan at andre får vite det).
Prisen skal ikkje hindre nokon i å vere med!

 

Offentleggjering av namn og bilde
For å få sette inn oversikt over konfirmantane i avisa før konfirmasjonen, og for å kunne bruke bilde som vert tatt, treng vi godkjenning frå heimen om at det er ok. Kryss av i innmeldingsskjemaet.                                                                                      

 

. REGLAR
- Dersom konfirmanten vert sjuk, eller av andre grunner ikkje kan møte, skal foreldra gje beskjed til kyrkjekontoret. (Då må han/ho møte på ei av dei andre gruppene. Konfirmantar med mykje fråvær vil måtte ta det igjen med heimeoppgåver eller ekstraundervisning.)

- Alle møter presis og har med materiell som Bibel, konfirmantbok og skrivesaker dersom ikkje anna er oppgitt.

- Undervisninga utgjer til saman omtrent 60 timar konfirmantopplegg. Vi veit at mange unge er opptekne i fritida, men vi forventar at det som høyrer konfirmantåret til, vert prioritert høgt.
- Vi brukar sjølvsagt ikkje mobiltelefon i timane/gudsteneste/andre samlingar.

- Alle har ansvar for at det vert gode samlingar. Vi viser omsorg og respekterer kvarandre.


 

 

 

 

 

Konfirmantfestival på
Operahuset 17 oktober


Ca 300 konfirmantar frå
heile Nordfjord
Band, show, seminar, aktivitet,



Eit samarbeid mellom
Kyrkja i Nordfjord
Bjørgvin bispedøme
og KFUK-KFUM

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

VIKTIGE DATOAR
Skriv datoane inn i kalendaren alt no. Det er viktig å prioritere desse dagane.
Gje beskjed om det ser at datoane kolliderer med noko som gjeld mange

*  Informasjonsmøte i Nedstryn kyrkje 9.juni kl 20.00

KONFIRMANTPÅMELDING PÅ NETT innan 19.06:  stryn.kyrkja.no
 Påmeldinga opnar 2. juni

 

* Presentasjonsgudstenester hausten 2025 markerer starten på konfirmantåret
23.08 Oppstryn/Bombeneset kl 11.00
30.08 Randabygd og Utvik kl 11.00 Innvik kl 15.00
06.09 Nedstryn kl 11.00
13.09 Loen og Olden kl 11.00
20.09 Nordsida kl 11.00


* Aktivitetsdag ved skisenteret i Stryn 29.08


* Konfirmantfestival 17. oktober: Operahuset Nordfjordeid

* Ung messe/lysmesse fredag 20. november (for Stryn ungdomskule). 6. desember  (Olden ungdomskule)

 

* Konfirmanthelg: 16-18 April.

* Tysdag 16. mars : Fasteaksjon

* Samtalegudstenste for alle i Olden kyrkje søndag 18. April

 

* Konfirmasjon

Oversikt over konfirmasjonsdatoane i 2027 

Søndag 2. mai

Torsdag 6. mai
Kristi himmelfart

Laurdag 8. mai

Søndag 9.mai

Oppstryn
Utvik
Randabygd

Nedstryn
Olden
Nordsida

Loen
Innvik

Nedstryn

 

Obs: I Nedstryn vil det vere nødvendig å legge ein kabal med nokså lik fordeling av konfirmantar på alle gudstenestene- den kabalen vert ikkje lagt før på hausten, når alle konfirmantpåmeldingane er inne.

(Det går ann å konfirmere seg i ei anna kyrkje en den du høyrer til, om datoen passar betre. Om ingen av dei oppsette konfirmasjonsdatoeane skulle passe- ta kontakt, vi kan konfirmere i ei vanleg gudsteneste ein annan søndag)

Velkommen som konfirmant frå hausten av!

           

 

 

 

 

 

Helsing staben i kyrkjene i Indre Nordfjord

 

 

Konfirmantansvarleg-Kateket BeateNes.     
Tlf. 57876183

beate.nes@stryn.kommune.no

                         

 

Hege Høibye, prest

Kaare Michael Christoffersen, prest

Andreas Kråkenes, kyrkjelydspedagog

 

 

Kyrkja si heimeside: stryn.kyrkja.no


Du finn oss som kyrkjaiindrenordfjord i sosiale media
    

Det vil bli oppretta eigne grupper for
konfirmantar og foreldre på Spond.
Last ned appen no- så du har den til

informasjonsmøtet 9.juni

 

 

Tilbake