Festeavgift 2020


 

Informasjon om festeavgift 2020

Vi sender i desse dagar ut festeavgift for graver med festeforfall i 2020. I den samanheng vil vi informere om at det kan verte vanskeleg no dei fyrste dagane å kome igjennom på telefonen. Vi har for tida berre to, og til tider berre ein, ansatt som besvarar telefonen. Vi vil derav oppfordre publikum til å sende oss ein e-post til kyrkja@stryn.kommune.no so skal vi svare so kjapt vi kan.

Prisar på festeavgift pr.5 år:
Graver 0-60 år - kr. 1.250,- (Den som står som festar vil motta ein faktura)
Graver 60-90 år - kr. 2.500,- (Den som står som festar vil motta eit brev)

Litt informasjon om det å feste ein gravstad:

  • På ein gravstad med ei eller fleire graver, trur mange at når der står eit gravminne festar ein berre ei grav, men det stemmer ikkje alltid. Eit gravminne kan vere sentrert mellom to graver. Det er antal graver og ikkje gravminne ein betalar for.
  • Ved å bruke oppatt ein festa gravstad, føl festeavgifta den som fyrst vart gravlagd. På denne måten får ein samla sine kjære på ein gravstad og man får mindre graver å forholde seg til. Er det f.eks to graver på ein gravstad blir festeavgifta 2 x 1250,- = kr. 2500,-
  • Å gravlegge i ei ny tildelt grav er dette ei frigrav, dvs fri for festeavgift i 30 år. Reserverar man ei grav ved sidan av, er det festeavgift på denne frå fyrste dag. Festeavgifta blir då på kr. 1250,- for den reserverte grava.
  • Å slette ei grav eller ein gravstad er kun festar som kan utføre og skal meldast inn skriftleg til kyrkjeverjekontoret: Det kan vere f.eks at ein har ein gravstad med to graver der den eine er gravlagd for 30 år sidan (kan no brukast opp att) og ein ynskjer å slette den reserverte grava. Står gravminne sentrert mellom dess to gravene er det festar som må bekoste at gravminne vert flytta til den grava som skal festast vidare. Ynskjer ein å slette heile gravfeste vil vi gjere merksam på at gravminne er festars eigedom og kan hentast innan 6 mnd etter slettedato. Etter denne tid vert det sendt til destruksjon.
  • Å overføre eit gravfeste til ein anna person er også kun festar som kan utføre og skal meldast inn skriftleg til kyrkjeverjekontoret.

Tilbake