Alle rettigheter 2019 Stryn Kyrkjelege fellesråd

Babettes gjestebod i Nedstryn kyrkje 2. november


Denne vakre monologen med Ragnhild Gudbrandsen kjem til Nedstryn kyrkje 2. november!
Framsyninga gjorde stor suksess i fjor haust på kyrkjeturné i Hordaland. I november vert dei ein ny runde, denne gongen med turné i Sogn og Fjordane.

 

 

Denne vakre monologen med Ragnhild Gudbrandsen kjem til Nedstryn kyrkje 2. november!
Framsyninga gjorde stor suksess i fjor haust på kyrkjeturné i Hordaland. I november vert dei ein ny runde, denne gongen med turné i Sogn og Fjordane.

Karen Blixens novelle Babettes gjestebod er kjend som ei forteljing om menneskeleg toleranse. Denne sanselege historia fortel om ein raus kjærleik til livet og medmenneska og den set vårt syn om utanforskap i eit granskande lys. Stoffet har ein opnande kvalitet som stimulerer til refleksjon og glede.

Vi trur at mange vil oppleve denne framsyninga i dei vakre kyrkjeromma igjen,
I sommar vart framsyninga spelt under Olavfest i Trondheim med fullsett kyrkje og mange rørande og inderlege tilbakemeldingar.

Det har også komme flotte teatermeldingar i pressen!
Dag og Tid: «Vakker teatermonolog. Stemningsfull framsyning av evig aktuell klassikar».

Norsk Shakespearetidskrift: «Babettes gjestebud klang som er vakker salme» .. «Gudbrandsen spiller med behersket mimikk, kroppspråk, sang og stemme, og skiller de ulike karakterene godt fra hverandre med sin skuespillerkunst. Noen ganger var det som om karakterene stod på kirkegulvet samtidig, som kommer av Gudbrandsens gode skuespillerferdigheter».

Vi har ønska oss å spele denne framsyninga i kyrkjene. Frå vår ståstad utgjer desse romma ei særleg eigna ramme for å samlast om beretninga om Babette, som etter å ha vore prisgjeve andre si barmhjertigheit etter eit langt liv på flukt, får høve til å gje tilbake. Ho vinn i det store lotteriet og i staden for å gripe sjansen til å få eit liv i fridom og komfort, legg ho alle sine ressursar i å gje. Gjennom sin matkunst, sin dedikasjon og dei midlane som uventa tilkjem henne, steller ho i stand eit gjestebod som overgår all fantasi. Hennar løn er gjestane si nyting og forløysing. Det å gjere det gode for kvarandre og gje av dei gåvene ein har oppsummerar hennar oppleving av meining i livet.

Stig Amdam har regi på denne inderlege monologframsyninga.

Varigheit: 1 time og 10 min.

https://www.facebook.com/events/957348321300396/

Tilbake