Alle rettigheter 2019 Stryn Kyrkjelege fellesråd

INVITASJON TIL DROP – IN – BRYLLAUP


7. september kl 12-16 inviterer Nedstryn sokneråd til drop-in-vigsel i kyrkja. Etter to år med bra oppslutning om dette, satsar vi frimodig på at like mange par vil feire bryllaup på denne måten, også i år. Vi ser at dette appellerer til dei som vil gjere det enkelt, bruke mindre pengar på arrangementet, og unngå månader med planlegging og førebuingar.

 

 

Faktisk er det berre å møte opp i kyrkja i tidspunktet kl 12-16. - det er berre ein ting som er særs viktig, og det er at vigselspapira er i orden. Det går fort å få dei underskrivne papira frå skatteetaten. Om de søkjer elektronisk tek det berre nokre få dagar så kjem prøvingsattesten som det heiter i inn-boksen. Denne må takast med i kyrkja på bryllaupsdagen.
Alle skjema finst her: https://kirken.no/nb-NO/bryllup/viktige-skjema/
To forlovarar må skrive under forlovarerklæring, som også må sendast inn, men forlovarane treng strengt tatt ikkje vere med i kyrkja under vigsla. Dersom det er snakk om namneskifte i samband med vigsla, må paret fylle ut eit eige skjema. Rettleiing og link til dette skjemaet finst lengst nede på sida vi viste til over.

Paret kan ta med den dei vil til denne seremonien. Der må vere to vitne til stades. Viss ikkje paret har med seg forlovarar eller andre vitne, stiller vi frå kyrkja med vitne.

Dersom paret ynskjer musikk frå orgelet, og/eller ein salme, melder dei frå om dette når dei kjem til kyrkja. Kyrkja har salmebøker, og organist vil vere til stades. Musikken blir valt av organisten.

Paret og eventuelle gjester vil bli servert kake og kaffi ute viss det er fint ver, eller i sakristiet. Denne dagen kostar ikkje vigsla noko, sjølv om paret kjem utanbygds frå. Det er sjølvsagt heilt greitt om paret tek kontakt med kyrkjekontoret på førehand.

Velkomne til ein enkel seremoni i Nedstryn kyrkje. Då er det berre å setje seg ned med søknadsskjema til skatteetaten.

Tilbake