Alle rettigheter 2019 Stryn Kyrkjelege fellesråd

Vi søkjer etter 50% KANTOR/ ORGANIST/ KYRKJEMUSIKAR


Vi søkjer etter

50%

KANTOR/ORGANIST/KYRKJEMUSIKAR

Den utlyste stillinga gjeld i hovudsak teneste i Oppstryn, Nedstryn og Loen kyrkjer, og ansvar for kyrkjemusikken i desse tre sokna.

  • Oppstryn kyrkje, tømmerkyrkje frå 1863. Olsen og Jørgensen orgel frå 1913 med 5 stemmer. Elektronisk orgel frå 1998, Rodgers 535 med 29 stemmer. Piano. Soknet har ca 550 innbyggarar.
  • Nedstryn kyrkje er ei tømmerkyrkje frå 1859. Elektropneumatisk Jørgensen orgel frå 1959 med 17 stemmer. Piano. Soknet har ca 2700 innbyggarar.
  • Loen kyrkje, tømmerkyrkje frå 1838. Mekanisk Spigseth orgel frå 1977 med 6 stemmer. Piano. Soknet har ca 540 innbyggarar.

Ein vert tilsett i heile fellesrådsområdet, og må rekne med noko arbeid og i dei andre kyrkjene i fellesrådsområdet.

 

 

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegge og gjennomføre gudsteneste, gravferder, vigsler og institusjonsandakter i samarbeid med prest/stab
  • Inspirere til variert og breitt musikalsk uttrykk i gudsteneste og anna kyrkjelydsarbeid
  • Ansvar for tilsyn og vedlikehald av kyrkja sine instrument
  • Organisere vaktlister/vikarar ved frihelgar og feriar for alle organistane i fellesrådsområdet.
  • Andre oppgåver kan bli aktuelle

Kvalifikasjonar:

  • Kyrkjemusikalsk utdanning eller anna relevant utdanning/røynsle
  • Allsidig orgel og pianodugleik
  • Kunne meistre ulike musikalske uttrykksformer
  • Røynsle frå kyrkjelydsarbeid og kjennskap til norsk gudstenesteliv
  • Kunne kommunisere godt på norsk – både skrifteleg og munnleg.
  • Lojalitet til kyrkja sine grunnverdiar og visjon

Personlege eigenskapar:

  • Kunne arbeide sjølvstendig og samtidig inspirere, kommunisere og samarbeide godt med frivillege og stab
  • Engasjert, fleksibel, strukturert og løysingsorientert
  • Open for musikalsk mangfald og tverrfagleg samarbeid

Vi tilbyr:

  • Spennande stilling i eit godt arbeidmiljø
  • Løn etter gjeldande tariff
  • Gode forsikrings og pensjonsordningar

Anna:

  • Må vere medlem i Den norske kyrkja
  • Må disponere bil
  • Den som får tilbod om stillinga, må leggje fram godkjend politiattest før tilsetjinga

Om Stryn:
Stryn kommune ligg inst i Nordfjord 
I Stryn kyrkjelege fellesråd er det åtte sokn: Randabygd, Nordsida, Oppstryn, Nedstryn, Loen, Olden, Innvik og Utvik. Både trusopplæringsplanen og tenesteordninga for prestane legg opp til eit utstrakt samarbeid mellom kyrkjelydane. Vi har stabil bemanning med følgjande stillingar: tre sokneprestar, fire organistar (deltid), kateket, kyrkjelydspedagog/trusopplærar (1,6 still.)samt kyrkjetenarar, kyrkjegardsarbeidarar og sekretærar. Meir informasjon finn du på heimesida: www.stryn.kyrkja.no

For spørsmål om stillinga:

Kyrkjeverje Kari Synnøve Muri, tlf. 91327882

Sokneprest Henny Koppen, tlf. 91601630

Søknad med CV og referansar

til: Stryn Kyrkjelege Fellesråd, Tonningsgata 4, 6783 Stryn

eller: kari.muri@stryn.kommune.no

Søknadsfrist:  5. juni 2019.
 

Tilbake