NAMNA MINNELUND - OPPSTRYN:
På bilde ser vi den Namna Minnelunden på gravplassen i Oppstryn som vart tatt i bruk i 2024.
Ved gravlgging i namna Minnelund bllr namn og data til avdøde ført på ei namneplate på den store minnesteinen. Namneplata kan kun innehalde eitt namn, og det er høve til å reservere plass til ei ny namneplate ved sidan av, mot betaling av festeavgift.
I namna Minnelund gjeld dei same reglane for frigrav som for ordinære graver for dei som bur i soknet. For dei som ikkje bur i soknet gjeld ikkje frigravperioden og har festeavgift frå fyrste dag (sjå Festeavgift).
Det er ikkje høve til å symbolsk flytting av namn frå eksisterande graver.
Gravplassmyndigheita har ansvaret for felles planting og stell. Det er ikkje høve til å opparbeide eige plantefelt for grav i minnelunden. Blomar og lys kan plasserast på tilrettelagde stadar ved minnesmerket.
UNAMNA MINNELUND - NEDSTRYN:
På Nedstryn kyrkjegard har vi ein unamna Minnelund for dei aller minste borna. Der står eit lite gravminne med teksten ```Til minne om dei aller minste``. Gravplassmyndigheita har ansvaret for felles planting og stell. Det er ikkje høve til å opparbeide eige plantefelt for grav i minnelunden.