Festeavgift


Den som står oppført som festar eller fakturamottakar på ein gravstad, vil ved festeforfall få tilsendt ein faktura via Digipost, e-faktura eller papirfaktura.
Ved betaling godkjenner man vidare feste for 5 nye år.
 

 

I Stryn Kyrkjelege Fellesråd har vi desse satsane på festeavgift pr.5 år.

Graver 0-60 år sender vi ut faktura i januar/februar:
Pr.grav kr. 1250,- Kistegrav
Pr.grav kr.  625,- Urnegrav
Pr.grav kr.  425,- Urne i namna Minnelund

Graver 60-90 år sender vi ut brev i januar/februar, og festar må svare på brevet for å få feste vidare:
Pr.grav kr. 2500,- Kistegrav
Pr.grav kr. 1250,- Urnegrav

Om ein ikkje lenger ynskjer å feste gravstaden, kan man overføre festet til ein anna person eller slette gravstaden. Dette må meldast skriftleg til kyrkjekontoret på e-post: kyrkja@stryn.kommune.no

Ein gravstad har eit festenummer f.eks 01-00982, og ein gravstad kan ha ei eller fleire graver. Sluttsummen i ein festefaktura kan gjelde ein eller fleire gravstadar, og det ser man på antal festenummer.
Man betalar for antal graver og ikkje antal gravminner som mange kanskje tenkjer. 

Tilbake