Lys våken 2023


Hei!

Har du lyst til å vere med på noko spennande? Vil du vere med på Lys Vaken? Det er snart advent, og då feirar kyrkja nyttår. Dette feirer 5. og 6.-klassingar landet rundt med overnatting i kyrkja!

Vi feirer Lys våken i Nedstryn, Olden, og Nordsida! Meld på barnet ditt ved å huke av i påmeldingsskjema under.

Påmelding her! 

 

 

Informasjon til føresette                                                                                                 

V ynskjer 5.- og 6.- klassingane i stryn kommune velkomne til Lys Vaken 2023! Lys Vaken vert feira av born landet rundt med overnatting i kyrkja og vi arrangerer dette i Olden, Nedstryn og Nordsida kyrkje.

 

Namnet Lys Vaken handlar ikkje om at vi skal vere vakne heile natta, men at vi skal vere vakne overfor det som skjer i oss og rundt oss. Vi skal vere vakne overfor Gud, kvarandre og oss sjølv. Ikkje minst kan vi oppleve at Gud er Lys Vaken for oss. Advent handlar jo nettopp om lyset som kom til verda. Dette skal vi feire – i tillegg til at 1. søndag i advent markerer starten på eit nytt kyrkjeår.


Vi vil ha eit variert program med leikar, aktivitetar ute og inne, førebuing av gudsteneste, song, dans, måltid og sosialt samvere. Når kvelden kjem, søv vi over i kyrkja. Her vil det vere vakne foreldrevakter/brannvakter. Dersom ditt barn ikkje ynskjer å overnatte, ta kontakt,- så avtaler vi hentetidspunkt på kvelden. Velkommen tilbake til kyrkja morgonen etter for øving til gudstenesta.

 

Pris for Lys Vaken er kr 100. (Vi vil ikkje at det skal vere ei hindring for å få bli med. Berre ta kontakt, så ordnar vi det)

 

Gudsteneste og kyrkjekaffi

Søndag et vi frukost saman, før vi gjer dei siste førebuingane til gudstenesta. Alle i familien er sjølvsagt hjarteleg velkomne til å vere med der. Invitere gjerne fadrar, besteforeldre eller andre vaksne de ynskjer skal vere med på gudstenesta. Det vert utdeling av Bibelen til 5.- og 6.- klassingane på denne gudstenesta (Om barnet ditt ikkje kan vere med på Lys Vaken- opplegget, er de likevel velkomne til utdelinga i kyrkja.)
Etter gudstenesta blir det kyrkjekaffi. Dere er hjertelig velkommen! 

 

Foreldrehjelp

Vi treng hjelp frå dykk foreldre til gjennomføring av arrangementet. Du vil finner ulike foreldreoppgåve i påmeldinga.   

Tilbake