Påfyll- søndagsskule for vaksne


Då biskopen var her på visitas utfordra han oss på undervisning for vaksne. Det ressulterte i Påfyll- søndagsskule for vaksne. Skuleåret 22/23 tok vi for oss dei same temaene som konfirmantane hadde.
Dette året er det bibelske personar som er tema.

Vi har lagt opp til fire kveldar i haust og 4 kveldar til våren, og vi inviterer til «seminar, samtale og snacks». Seminaret, eller undervisninga frå talarstolen er knytt opp til ulike bibelske personar.
De blir møtte med ein kopp kaffi eller te, får sitje i grupper rundt småbord og så startar undervisningsøkta etter litt oppvarming.

Vi ynskjer alle unge vaksne og vaksne velkomen!

Tilbake