Tårnagent 2023


Det er tid for tårnagentsamling!
Laurdag og søndag 21. og 22. januar inviterer vi til Tårnagentsamling i Oppstryn kyrkje. (for 3. og 4. klassingar i Oppstryn)
Laurdag og søndag 11. og 12. februar inviterer vi til Tårnagentsamling i Nedstryn kyrkje. (for 3. klassingar i Nedstryn)
Laurdag og søndag 25. og 26. mars inviterer vi til Tårnagentsamling i Loen Kyrkje (for 3. og 4. klassingar i Loen og Olden)

Her kan du utforske kyrkja, bibelen, tårnet og klokkene. Som agent vil du måtte løyse oppdrag og mysterium, du vil få ein eigen agentkode og søndag vil alle som kjem til kyrkja få vite kva agentane har funne ut.

LINK TIL PÅMELDING FINN DU VED Å TRYKKE HER

Alle agentane bur heime, men vil vere saman både laurdag og søndag. Agentane møtast i kyrkja  kl 13:00. Vi held på kl. 17:00.
Søndag møtast vi igjen kl 10:00  og held på til gudstenesta er ferdig ca. kl 12:00. Foreldre, søsken og vener er inviterte til gudstenesta på søndag kl. 11.00, som sjølvsagt er ei Tårnagentgudsteneste.

 

Programmet for laurdag blir omtrent slik:

13.00: Velkomst og registrering

Oppdrag kodeløysing

Mat Oppdrag symboljakt

Førebuing til gudstenesta søndag Tur i Kyrkjetårnet Felles avslutning

17:00 Slutt
 

Søndag

10.00: Oppmøte i Innvik kyrkje

11.00: Gudsteneste for alle

Kyrkjetårn, symboljakt eller oppdrag og mysterium

Er du god på å løyse koder? Har du lyst å gå på symboljakt i kyrkja? Lurer du på kva slags mysterium du finn i bibelen? Likar du agentmat? Veit du at det står noko utanpå alle kyrkjeklokkene i landet? Kvart år blir det samla tårnagentar over heile landet, no er det vår tur! Vi vonar at du har lyst å vere ein av dei! Det kostar ingen ting å delta.

 

Englevakter

Til dykk som har ein 3. eller 4. klassing i huset: Vil de vere Englevakter? Ei Englevakt er ein som er med nokre timar denne helga, følgjer borna opp i kyrkjetårnet, hjelper til med maten, går saman med dei på symboljakt m.m.

Bake
Vi treng litt hjelp med mat. På påmeldingskjemaet spør vi om de kan bake pizzabollar til laurdag, eller kake til kyrkjekaffi søndag. Håpar dei fleste kan birda med noko av dette

Tilbake