Då biskopen var her utfordra han oss til å starte opp vaksenundervisning.
"Folk treng gode fellesskap, men dei treng og påfyll av kunnskap om trua. Gudstenesta gjev ikkje nok, og stadig færre går på andre kristne møter eller les kristen litteratur. Det trengs samlingar med låg terskel utanom gudstenestesta der folk kan stilla spørsmål og snakka om trua og livet, og alt som høyrer til under det omgrepa, og det er mykje. "
Vi har tatt utfordringa og inviterer til søndagsskule for vaksne. I haust hadde vi 4 samlingar. No er vi klar 4 nye samlingar i vår. Første samlinga vert tysdag 31. januar kl 20.00 i Betania.
Vi har lagt opp til fire kveldar i vår (dei andre datoane er 31.01, 28.02, 28.03 og 25.04) , og vi inviterer til «seminar, samtale og snacks». Seminaret, eller undervisninga frå talarstolen er knytt opp til dei same emna som konfirmantane har. Det vil seie at vi startar med Gud som skapar og Far. De blir møtte med ein kopp kaffi eller te, får sitje i grupper rundt småbord og så startar undervisningsøkta etter litt oppvarming. Det er vi som vanlegvis underviser konfirmantane som har ansvar for opplegget og for undervisninga.
Vi ynskjer alle unge vaksne og vaksne velkomen!
