Stryn Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


«KRØLLESAMLING» FOR 2-ÅRINGAR


 

Kjære 2-åring m/familie

Søndag 19. juni kl. 11.00 inviterer trusopplæringa i indre Nordfjord til enkel gudsteneste og «Krøllesamling» for alle som fyller to år i 2022. Der får vi høyre forteljinga om sauen Krølle som har gått seg bort. Kvar er han blitt av?

Vi vil dele ut ein Krølle-sau til kvar 2-åring som kjem på samlinga.

Tid: Søndag 19. juni kl. 11.00
Stad: Holme, på Oppheim/Loen

Påmelding HER

Vi skal òg prøve å fiske «fisk» i «fiskedammen». Elles skal vi synge og danse litt i lag. Kanskje er det nokon av dykk som vil kjenne igjen songar frå babysong? Etter samlinga et vi nistepakke og har det fint i lag.

Vi gler oss til å treffe både gamle og nye ansikt på denne familiesamlinga.
Samlinga er open for alle, så inviter gjerne med besteforeldre, fadrar og vener 😊

Ta med: Nistepakke, drikke, sitteunderlag, solkrem?

Samlinga vert i på Holme (Oppheim/Loen). Parkering der en parkerer når en går på Rakssetra

Tilbake