Stryn Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Velkomen som konfirmant 2022-2023!


  1. Det er snart sommar, og om ikkje lenge er du 9.- klassing. Då kan du velje å vere konfirmant eit år. Vi her i kyrkja håpar du vil vere det hos oss. 

Her finn du all informasjon du treng  om det å vere konfirmant. (Brev er på veg i posten til alle døypte)

Påmeldinga startar 10.juni på denne sida. Trykk HER

Å BLI KONFIRMERT OG LITT OM DÅP 
 
Ordet konfirmasjon kan bety både «å stadfeste» og «å gjere sterk». Konfirmasjonshandlinga er ei forbønshandling der vi ber Gud om å velsigne og styrkje kvar enkelt konfirmant. Det krevst ikkje noko vedkjenning frå konfirmanten. Det viktigaste med konfirmanttida er å bli betre kjent med den kristne trua, der Gud seier ja til oss og vil vere ein del av livet vårt. 
 
Er du ikkje døypt og lurer på om du likevel kan bli konfirmert? Klart du kan, og du er heller ikkje aleine! Over tusen ungdomar vert kvart år døypt i forkant av konfirmasjon Om du er døypt eller ikkje skriv du inn i nettpåmeldinga. Vi kallar inn til ein samtale om dåp litt ut i året for deg som ynskjer å bli døypt.  

KONFIRMASJON ER FOR ALLE 
Alle er velkomne til konfirmasjonstid i kyrkja– både du som trur, tviler, er usikker, ikkje trur, ikkje har tenkt på sånt før eller er nysgjerrig. 
Alle menneske er ulike, og treng ulike tilpassingar. Uansett funksjonsevne har du rett til ei god konfirmanttid. Har du behov for individuell tilrettelegging, er det berre å ta kontakt med oss, så finn vi gode løysinger saman. 

10 gode grunnar til å vere konfirmant i kyrkja  
1. Du får oppleve kva kristen tru er. Det er meir enn eit skulefag. 
 2. Konfirmasjonsdagen er berre din, og du har ein dag der du blir bekrefta for den du er. 
3. Du får oppleve eit nytt fellesskap med andre på samlingar, og du får bli kjent med fleir ungdomar frå Stryn og frå heile Nordfjord. 
4. Du får engasjere deg for andre menneske. Du får også lære kva vi kan gjere for å ta vare på jorda og klimaet vårt. 
 5. På konfirmasjonsdagen får dei som er glad i deg feire deg. 
6. Du får tid til å reflektere over store spørsmål, og bli kjent med kva du trur på – og kva som er viktig for deg. 
 7. I konfirmasjonstida pratar vi om sorg og glede, om livets store og små spørsmål. 
 8. Du får tid til å reflektere, tenke kritisk og sjølvstendig om tru og kva kristendom er. 
 9. Du blir del av eit større fellesskap. Berre sjå på #konfirmantene på TikTok! 
 10. Du møter folk med ulike meiningar, og saman med dei lærer du noko felles. 

Konfirmantåret består av 5 ulike delar. Til saman omkring 60 timar. 
 
1. KONFIRMANTGRUPPER m/undervisning 
Konfirmantane kan velje mellom ulike modellar for undervisning.  (Gruppeynskje skjer i nettpåmeldinga.) 

A: Undervisning rett etter skulen  
- Stryn: ca 10 torsdagar i Betania, kl. 14.45-16.15  
- Olden: ca 10 onsdagar i Solvang, kl. 14.15 – 15.45  

B: Kreativkonfirmant (fellesgruppe for heile kommunen) 
Kreativkonfirmant jobbar kreativt med dei ulike temaene i konfirmantåret.  

Dette er gruppa for deg som likar å vere kreativ. 
Foto, film, og laging av ulike ting. Ca 10 onsdagar i Betania, kl. 14.45-16.15 

C: Friluftskonfirmant – «Bål, mat og prat» (fellesgruppe for heile kommunen) - med undervisning ute som frilufts-/speidaraktivitet. Base i speidarane sin gapahuk ved Stryn skisenter, ca 10 tysdagar kl. 17.30-19.00  

D: Musikk-konfirmant (fellesgruppe for heile kommunen) 

Deltek på TenSing (torsdagar kl. 19.00-21.00) eller SoulTeens (måndagar 18-20) som vanleg medlem. Har noko mindre undervisning enn dei andre gruppene, fordi dei får med andakter, og ulike samlingar med koret.  (SoulTeens følgjer Solvang-gruppa på nokre samlingar, mens TenSing har eigne samlingar i forkant av nokre av øvingane.)  

 
2. FELLES KONFIRMANTSAMLINGAR FOR HEILE KOMUNEN 

Gjennom året samlar vi heile konfirmantgjengen til ulike samlingar. Aktivitetsdag på hausten, ung messe, og eit par konfirmanthelger på våren-  Eit av prosjekta vert å lage samtalegudsteneste. Vi kjem tilbake med meir info om desse samlingane. 

 
3. KONFIRMANFESTIVAL  

Laurdag 22. oktober skal vi på Konfirmantfestival i Operahuset. 
Ca 300 ungdomar frå heile nordfjord.  
 

4. FASTEAKSJONEN 

Kvart år er konfirmantar og foreldre, saman med den lokale kyrkjelyden, med på Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon. Aksjonen finn stad veka før påske (28. mars). Vi ber om at alle konfirmantane stiller med ein vaksen. 

 
5. GUDSTENESTER 

I løpet av året skal konfirmantane delta på minst 8 gudstenester. Nokre av dei er spesielle og obligatoriske gudstenester som konfirmantane er aktivt med i, for eksempel presentasjon- og samtalegudsteneste. Dei skal også delta med oppgåver i 2 «vanlege» gudstenester.  
 

PRIS 
Det kostar å drive konfirmantarbeid. Konfirmantavgifta er sett til kr. 1000.  
Avgifta dekker undervisningsmateriell, seminar, aktivitetsdag, litt mat, leige av konfirmantkappe, osb. (Som Musikk- konfirmant vil du få tilbod om fleire leirar. Betaling for desse + medlemsavgift kjem i tillegg)  

Om nokon skulle ha problem med å betale avgifta ber vi om at de seier i frå,  
så vil vi ordne det (sjølvsagt utan at andre får vite det).  
Prisen skal ikkje hindre nokon i å vere med! 

Offentleggjering av namn og bilde 
For å få sette inn oversikt over konfirmantane i avisa før konfirmasjonen, og for å kunne bruke bilde som vert tatt, treng vi godkjenning frå heimen om at det er ok. Kryss av i innmeldingsskjemaet.   

. REGLAR 
- Dersom konfirmanten vert sjuk, eller av andre grunner ikkje kan møte, skal foreldra gje beskjed til kyrkjekontoret. (Då må han/ho møte på ei av dei andre gruppene. Konfirmantar med mykje fråver vil måtte ta det igjen med heimeoppgåver eller ekstraundervisning.) 
 
- Alle møter presis og har med materiell som Bibel, konfirmantbok og skrivesaker dersom ikkje anna er oppgitt. 
 
- Undervisninga utgjer til saman omtrent 60 timar konfirmantopplegg. Vi veit at mange unge er opptekne i fritida, men vi forventar at det som høyrer konfirmantåret til, vert prioritert høgt.  

- Vi brukar sjølvsagt ikkje mobiltelefon i timane/gudsteneste/andre samlingar.  
 
- Alle har ansvar for at det vert gode samlingar. Vi viser omsorg og respekterer kvarandre. 

 

VIKTIGE DATOAR  
Skriv datoane inn i kalendaren alt no. Det er viktig å prioritere desse dagane.  
Gje beskjed om det ser at datoeane kolliderer med noko som gjeld mange 
 
*  KONFIRMANTPÅMELDING PÅ NETT innan 17.06:  stryn.kyrkja.no 

* Presentasjonsgudstenester hausten 2022 markerer starten på konfirmantåret 
          21.08: Innvik, Oppstryn (Bombeneset) 
           28.08: Utvik 
          04.09: Nedstryn, Olden,  
          11.09: Randabygd, Nordsida, Loen (Solvang i Bødalen) 

 
* Foreldremøte: 1. september 
 
* Aktivitetsdag ved skisenteret i Stryn 10. september 

 
* Konfirmatfestival 22. oktober: Operahuset 
 
* Ung messe fredag 11. november og 3. februar 

 

* Konfirmanthelger: 17-19. mars og 21-23.april 
 
* Tysdag 28.mars: Fasteaksjon  
 
* Samtalegudstenste 23. april 

 

* Konfirmasjon  

Laurdag 6. mai 

Søndag 7. Mai 

Laurdag 13.mai 

Søndag 14. mai 

Nordsida  

Olden 
Nedstryn 

 

 

 

 

Randabygd 
Utvik 
Oppstryn 

Innvik 
Loen 

Nedstryn 

(Om ingen av dei oppsette konfirmasjonsdatoeane skulle passe- ta kontakt, vi kan konfirmere i ei vanleg gudsteneste ein annan søndag) 

Velkommen som konfirmant frå hausten av! 

 

 

 

Helsing staben i kyrkjene i Indre Nordfjord  

v/ Konfirmantansvarleg- Kateket Beate Nes.  
Tlf. 57876183/98654244 

beate.nes@stryn.kommune.no 
 

           Henny Koppen, prest                      Hege Høibye, prest 

        57876185/91601630              57874948 /41375495 

henny.koppen@stryn.kommune.no     Hege.Hoibye@stryn.kommune.no 

 

Guro Petronella Nordnæs- Enerhaug, kyrkjelydsarbeidar 

Guro.Enerhaug@stryn.kommune.no 

 

Kyrkja si heimeside: stryn.kyrkja.no 

 
Du finn oss som kyrkjaiindrenordfjord i sosiale media 
    
og som Beatekateket på 

 

Det vil bli oppretta eigne grupper for konfirmantar og foreldre på Facebook 
 

Tilbake