GRAVMINNE:
Medan ein ventar på permanent gravminne etter ei gravlegging, set gravplassmyndigheita opp eit midlertidig merke med avdøde sitt namn.
Montering av eit gravminne kan fyrst skje 6 mnd etter gravlegging av kiste, men ved urnegrav kan gravminne settast opp rett etter urnenedsettinga.
På nyfesta gravstad skal gravminne som hovudregel plasserast i bakkant av den grava som er teken i bruk, og ved reservering av grav ved sidan av, kan det bli sentrert på gravstaden etter neste gravlegging.
Gravminne er festar sin eigedom og må bekoste evt flytting av gravminne.
Leverandør av gravminne er Gravferdsbyråa eller Gravminneleverandørar.
Storleik på gravminne:
Gravminne skal ikkje vera høgare enn 150 cm, breidare enn 85 cm og tjukkare enn 60 cm, og vekta skal ikkje overstige 300 kg.
På graver mindre enn 2,4 x 1,2 m skal gravminne ikkje vera høgare enn 80 cm, breidare enn 75 cm og tjukkare enn 60 cm, og vekta skal ikkje overstige 150 kg.
Gravminne sege skeivt:
På vårparten er det mange gravminner som sig skeive og kan velte, og er da til fare for folk. Det er festaren sitt ansvar å sørge for at gravminne blir oppretta. Dette er noko festar kan utføre sjølv, eller leige andre aktørar til å utføre arbeidet.
Våre gravplassarbeidarar kan utføre oppretting av gravminne mot eit tillegg på inntil kr. 1500,- Ta kontakt med kyrkjekontoret for avtale.
GRAVSTELL:
Det kan gjerast avtale om stell av gravstad hjå Stryn Kyrkjelege Fellesråd.
I vår avtale vert det brukt Betulia og Sølvkrans (som på bilete). Vi tar sikte på at alle graver skal vere beplanta til 17.mai om veiret tillet det. Vi vatnar etter behov, og byter ut evt visna plantar. Når hausten kjem plantar vi ut Calluna lyng og Sølvkrans.
Gravstellavtale med årleg utsending av faktura:
Faktura vert sendt ut i jan/feb og gravstaden blir beplanta ved betaling. Ein gravstellavtale går til festeavtalen eller stellavtalen vert sagt opp skriftleg.
Gravstellavtale - avtale om gravfond:
Det kan gjerast avtale om gravfond der eit større beløp vert satt inn på vår fondskonto. I gravstellavtalen gjeld ikkje festeavgift. Avtalen går til festeavtalen eller fondavtalen vert sagt opp skriftleg.
Vedtak stellavgift pr. 11.10.2018: Stellsesong pr.år: kr.1.200,-