Fine visitasdagar i Stryn


Biskop Halvor Nordhaug var i Stryn på visitas frå 27.04-01.05. saman med kyrkjefagskjef Tore Skjæveland og prost Mari Saltkjel. Det var fine og innhaldsrike dagar.

 

Søndag oppsumerte biskopen opphaldet i eit visitasforedrag. Visitasforedraget kan du lese hvis du trykker her.

Her kjem litt bilde frå visitasen

Onsdag var det samling med staben med gudsteneste i Innvik kyrkje og middag på Innvik fjordhotell.
 


Samtalegudsteneste i kulturhuset med dei 70 konfirmantane i kommunen

 


og ein flott frivilligfest i kulturhuset.

 

Torsdag var det morgenandakt i Nedstryn kyrkje, samling for prestane i prostiet, møte med kommunen og stormøte for sokneråd og stab på kvelden

Fredag var det skulegudsteneste i Olden kyrkje, lunsj på arbeidssenteret, møte med rektorane med pinsevandring og afternoon tea og på kvelden besøkte biskopen ungdomsklubben på telegrafen.

Visitasen vart avslutta søndag med visitasforedrag, gudsteneste og familiedag på sagedammen.

Visitasforedraget finn du i ein link øverst i artikkelen. Men vi tar med avslutninga her:
 

"Takk

Til slutt vil eg seia takk til alle som har bidratt til denne visitasen. Takk til prestane, kyrkjeverja, og resten av staben og sokneråda og alle trufaste frivillige medarbeidarar som har lagt til rette for gode visitasdagar. Og særleg takk for den jobben de står i heile året. Eg vil og takka for ei informativ visitasmelding. Takk og til Mari prost som har vore med på sin fyrste visitas og som har lagt til har lagt til rette og vore med heile vegen og held si hand over kyrkjelydane i Stryn når biskopen ikkje er her.

Utfordringar

Og så nokre utfordringar til dykk, som oppsummerar denne visitasen. Om eit år vil eg ha ei melding om korleis det har gått med desse utfordringane:

  • Gå til gudsteneste regelmessig, for deira eiga skuld og for Guds skuld. Bygg fellesskapet ved å spørja folk kva dei ynskjer og lag kyrkjekaffi.
  • Lag samlingar for vaksne utanom gudstenesta med samtale og undervisning om tru og eksistensielle spørsmål.
  • Få opp eit tilbod om leiartrening for ungdom etter konfirmasjonsarbeid.
  • Få i gang ei målretta gjevarteneste, og forkynn fram gjevargleda.
  • Arbeid for å få eit kyrkjelydshus i Stryn sentrum.

    Med desse utfordringane takkar eg for meg og reiser frå Stryn med mange flotte inntrykk frå desse dagane. Her skjer det utruleg mykje godt og byggande arbeid for samfunnet innfor Guds rike. Måtte det halde fram og vokse vidare!

Eg reiser glad og oppløfta frå sokna i Stryn kommune, og ynskjer Guds velsigning over kyrkja og folket her.

Bjørgvin bispestol, 1. mai 2022
Halvor Nordhaug"

Tilbake