Stryn Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Ledig vikariat som kyrkjelydspedagog/kyrkjelydsarbeidar


Likar du arbeid med barn og ungdom?

Vi søkjer deg som vil engasjere deg i kristent barne- og ungdomsarbeid.
Vi tilbyr eit godt og kretaivt arbeidsfellesskap med mykje erfaring og kreativitet.

Hovudoppgåver for stillinga:

  • Konfirmant- og ungdomsarbeid
  • Deltaking og utvikling av trusopplæringa etter vedteken lokal plan
  • Oppfølging av leiarar i barne- og ungdomsarbeid’

Søknadsfrist: 31. Mai 2022

 

 

Stryn kommune har i alt 8  sokn. Stryn har kateket, tre prestestillingar og vi har tradisjonar for godt samarbeid mellom dei ulike yrkesgruppene og på tvers av soknegrensene. Vi har felles konfirmantarbeid med om lag 70 konfirmantar fordelt på fleire grupper, med aktivitetsbasert metodikk og undervisning i friluft. Rundt i sokna er her mange gode frivillige medarbeidarar innan barne og ungdomsarbeid. Trusopplæringsplanen legg opp til eit godt samarbeid med desse.  

 

Ledig vikariat i 50-100 % stilling i eitt år (01.08.22-31.07.23) som 

Kyrkjelydspedagog / kyrkjelydsarbeidar  
 

  • Likar du arbeid med barn og ungdom? 

Vi søkjer deg som vil engasjere deg i kristent barne- og ungdomsarbeid. Vi tilbyr eit godt og kretaivt arbeidsfellesskap med mykje erfaring og kreativitet. 

Hovudoppgåver for stillinga: 

  • Konfirmant- og ungdomsarbeid 

  • Deltaking og utvikling av trusopplæringa etter vedteken lokal plan 

  • Oppfølging av leiarar i barne- og ungdomsarbeid 

Kyrkjelydspedagogen arbeider tett med kateket og øvrig stab.  
Noko arbeid på kveldstid og i helgar må påreknast. 

Kvalifikasjonar:  

Vi søkjer primært personar med pedagogisk og kristendomsfagleg utdanning. Søkjarar med relevant realkompetanse vil bli vurdert. Vi legg vekt på erfaring frå kyrkjelydsarbeid, evne til kommunikasjon med born og unge, evne til samarbeid og personlege eigenskapar. 

Den som vert tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja. Det er krav om å kunne norsk språk, munnleg og skriftleg. Målforma i indre Nordfjord er nynorsk.  Ved tilsetjing må ein leggje fram barneomsorgsattest frå politiet. Stillinga kan kombinerast med utdanning, til dømes ved Høgskulen i Volda, 45 min køyretid frå Stryn. 

Kyrkjekontoret i Stryn er dagleg arbeidsplass, men saman med andre tilsette skal stillinga dekke alle sokna i Stryn kommune. Arbeidsgjevar er Stryn Kyrkjelege Fellesråd, representert ved kyrkjeverja. 

Løn etter kvalifikasjonar og i høve til tariff for stillingar i Den norske kyrkja. 

Den som vert tilsett, må disponere bil i jobben. Køyregodtgjersle etter fastsett regulativ.  

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------- 

For nærare opplysningar kontakt kyrkjeverje Kari Synnøve Muri 91 32 78 82 eller kateket Beate Nes 98 65 42 44. 

Søknad med CV sendast  Stryn Kyrkjelege Fellesråd, Tonningsgata 4, 6783 Stryn, e-post: kyrkja@stryn.kommune.no  

Søknadsfrist: 31. Mai 2022. 

Tilbake