Biskop Halvor kjem på visitas


Frå onsdag 27. april til søndag 1. mai blir det bispevisitas i Stryn. Bjørgvin biskop, Halvor Nordhaug, har eit tett program, der han vil ha kontakt med stab og sokneråd, konfirmantar, frivillige og skular.

Det er mange år sidan sist vi hadde bispevisitas i Stryn, og det er første gong det er visitas for alle dei åtte sokna. I 2001 var biskop Ole D Hagesæter på visitas i Nordsida og Randabygd, og i 2006 vitja han dei andre sokna i Stryn kommune. Vi ser fram til eit mange ulike arrangement saman med biskopen. Den nye prosten i Nordfjord, Mari Saltkjel, blir med under heile visitasen.

 

 

I frivillegåret 2022 har vi valt å arrangere ein frivillegfest medan biskopen er her. Vi inviterer til fest i kulturhuset onsdag kveld, og vil takke alle frivillige medarbeidarar i kyrkjelydane våre. Fleire hundre personar står på i barne- og ungdomsarbeidet, i diakonalt arbeid, og ikkje minst for å skape gode og inkluderande gudstenester. Ein fest med kaker, underhaldning, takk og ære, er det minste vi kan få til medan biskopen er her.  

Biskopen vil også delta på samtalegudstenesta med konfirmantane, som går føre seg same dag, også dette i kulturhuset. Konfirmantane vil vere godt synlege på gudstenesta, og biskopen vil halde preika. Vi har 70 konfirmantar, og mange vil nok ha familien med seg. Vi håpar likevel å få plass til fleire i storsalen denne ettermiddagen.  

1.mai blir det storsamling ved Sagedammen på Nordsida. Biskopen vil halde visitasforedraget sitt før gudstenesta. Der vil han snakke om kva han har lagt merke til medan han har vore her, både av det som fungerer og det som kan betrast, vil vi tru. Det knyter seg ei viss spenning til dette foredraget, og vi håpar mange vil kome for å høyre på. Gudstenesta som fylgjer har medarbeidarar frå alle sokna.  Her blir barnekor og solosong, og biskopen vil også her halde preika. 

Samarbeidet mellom kyrkja og skulen fungerer svært godt i vår kommune, og biskopen prøve å danne seg eit inntrykk av dette på nært hald. Fredag vil han møte heile Olden skule på ei skulegudstenesta, og han vil møte rektorar og lærarar frå alle skulane våre om ettermiddagen. 

Vi ser og fram til besøk på Stryn Arbeidssentert i lunsjtid på fredag.

Og endå har vi ikkje nemnt møtet med kommunen, og drøftingsmøtet med sokneråda. Her ser vi på framtida saman og dreg opp linene for vidare kyrkjeleg arbeid og engasjement.  

Stryn kommune har ein stor og god stab som utfører eit solid arbeid for både medlemmer og bygdafolk elles. Men det kan gjerast mykje meir, og vi tek med takk imot fleire frivillige, og fleire søkjarar til ledige stillingar. Vi har mange og gode oppgåver å gå inn i. Men akkurat no ynskjer vi fyrst og fremst velkomne til arrangementa under bispevisitasen. Vel møtt!

Som førebuing til visitasen, har sokneråda og dei tilsette skrive ei visitasmelding. Den kan lesast her

Tilbake