Endeleg dør til dør aksjon igjen for Kirkens Nødhjelp


  • Etter to år med berre digitale innsamlingar til fasteaksjonen er konfirmantar og sokneråd igjen klare for dør til dør aksjon for Kirkens Nødhjelp. Aksjonen går  frå 3-5. april. Her hos oss kjem dei fleste rundt 5. april.
 

Sist helg hadde konfirmantane besøk frå Changemaker, Kirkens Nødhjelp sin ungdomsorganisasjon. Der fekk dei innføring i fasteaksjonen, og kva den jobben dei no skal gjere betyr for menneske i verda.

Verda opplever mange kriser samstundes: Konflikt, flyktningkrise, pandemi, auka fattigdom og klimakrise. Talet på menneske som treng nødhjelp aukar dramatisk. Akkurat no går den største flyktningkrisa etter 2. verdskrig føre seg i Europa på grunn av krigen i Ukraina. Verste scenario er at ti millionar menneske må flykte. Frå før er millionar av menneske på flukt frå svolt, krig, flaum og konflikt over heile verda. Men det er håp. Kirkens Nødhjelp er til stades, med vatn og hjelp til dei som treng det mest.

Det er krise i Ukraina, det er det også i Afghanistan og Malawi. Men det er håp! I Afghanistan er Kirkens Nødhjelp til stades med mellom anna reint vatn, teppe og hygienepakker. Malawi vart tidlegare i år råka av flaum, og der er vi også til stades med krisehjelp. I tillegg jobbar vi med langsiktig hjelpearbeid i landet, gjennom fokus på hjelp til å ruste seg mot klimaendringane gjennom moderne jordbruksmetodar som vatning via dryppsystem.

Vatn er viktig for å overleve og eksistere, men vatn gjer også at frø kan vekse der det elles er knusktørt, det gjev mat på bordet, held sjukdomar unna og gjev rom for framtid og draumar. For fem år gamle Alefa i landsbyen Kambuwe i Malawi, gjev vatnet enorme moglegheiter. Det er ikkje gjeve at jenter som Alefa veks seg sterke og sunne. 50 prosent av alle barn under fem år har fått hemma veksten sin som følgje av svolt, medan berre 40 prosent har tilgang til førskole. Der Noreg stort sett toppar alle statistikkar, ligg Malawi på botnen som eit av dei fattigaste landa i verda. Det å få ein god start med nok vatn, mat, førskole og gode oppvekstvilkår er heilt avgjerande for at jenter som Alefa skal kome seg ut av fattigdom.

Pengane frå fasteaksjonen bidreg både til at flyktningane frå Ukraina får hjelp, at Kirkens Nødhjelp kan vere til stades ved kriser som i Afghanistan og Malawi, og at vi kan drive langsiktig bistandsarbeid gjennom å gje menneske over heile verda tilgang til vatn og gjere dei i stand til å møte klimaendringar og kriser. Fasteaksjonen gjev også moglegheit til å vere med og påverke norsk klimapolitikk. Dei fattigaste i verda har bidrege minst til klimaendringane, men opplever dei verste konsekvensane. Det er dønn urettferdig.

Gjennom fasteaksjonen mobiliserer Kirkens Nødhjelp det norske folk til å engasjere seg der nauda er størst, enten det er i Ukraina, Malawi, Afghanistan eller andre kriser utanfor søkelyset til media. Ta godt imot bøsseberarane! Gje vatn til dei som treng det mest.

 

 

Tilbake