Det er tid for Tårnagent for born frå Nordsida,Randabyg, Innvik og Utvik.
For Nordsida og Randabygd vert det samling i Randabygd kyrkje 5. og 6. mars
og for Innvik og Utvik i Innvik kyrkje 12. og 13. mars
Påmelding HER
Programmet for laurdag blir omtrent slik:
13.00: Velkomst og registrering
Oppdrag escape room
Mat Oppdrag symboljakt
Førebuing til gudstenesta søndag Tur i Kyrkjetårnet Felles avslutning
17:00 Slutt
Søndag
10.00: Oppmøte i Innvik kyrkje
11.00: Gudsteneste for alle
Kyrkjetårn, symboljakt eller oppdrag og mysterium
Er du god på å løyse koder? Har du lyst å gå på symboljakt i kyrkja? Lurer du på kva slags mysterium du finn i bibelen? Likar du agentmat? Veit du at det står noko utanpå alle kyrkjeklokkene i landet? Kvart år blir det samla tårnagentar over heile landet, no er det vår tur! Vi vonar at du har lyst å vere ein av dei! Det kostar ingen ting å delta.
Englevakter
Til dykk som har ein 3. eller 4. klassing i huset: Vil de vere Englevakter? Ei Englevakt er ein som er med nokre timar denne helga, følgjer borna opp i kyrkjetårnet, hjelper til med maten, går saman med dei på symboljakt m.m.
Bake
Vi treng litt hjelp med mat. På påmeldingskjemaet spør vi om de kan bake pizzabollar til laurdag, eller kake til kyrkjekaffi søndag. Håpar dei fleste kan birda med noko av dette