Tårnagent i Nedstryn kyrkje


Oppdatert info fredag 11.02. kl. 12:

Tårnagentsamlinga går som planlagt heile laurdag frå kl. 13, og avsluttar med ei enkel Tårnagentgudsteneste som er ferdig kl. 17.

Samlinga på søndag går ut sidan gudstenesta då er avlyst.

 

Velkomne til alle Tårnagentar!

-------------------------

Laurdag og søndag 12. og 13. februar 2022 inviterer vi til Tårnagentsamling i Nedstryn kyrkje.

Nedstryn kyrkjelyd inviterer denne helga alle 3. klassingar til å vere Tårnagentar i kyrkja. Her kan du utforske kyrkja, bibelen, tårnet og klokkene. Som agent vil du måtte løyse oppdrag og mysterium, du vil få ein eigen agentkode og søndag vil alle som kjem til kyrkja få vite kva agentane har funne ut.

LINK TIL PÅMELDING FINN DU VED Å TRYKKE HER

Alle agentane bur heime, men vil vere saman både laurdag og søndag. Agentane møtast i Nedstryn kyrkje laurdag 12.februar kl 13:00. Vi held på kl. 17:00.
Søndag møtast vi igjen kl 10:00 i Nedstryn kyrkje og held på til gudstenesta er ferdig ca. kl 12:00. Foreldre, søsken og vener er inviterte til gudstenesta på søndag kl. 11.00, som sjølvsagt er ei Tårnagentgudsteneste.


 

 
 

Programmet for laurdag blir omtrent slik:

Laurdag:
13.00: Velkomst og registrering

Kyrkjetårn og symboljakt

Mat

Førebuing til gudstenesta søndag

Felles avslutning

17:00 Slutt

 

Søndag

10.00: Oppmøte i Nedstryn kyrkje

11.00: Gudsteneste for alle

 

Kyrkjetårn, symboljakt eller oppdrag og mysterium

Har du lyst å gå på symboljakt i kyrkja?
Lurer du på kva slags mysterium du finn i bibelen? Likar du agentmat?
Veit du at det står noko utanpå alle kyrkjeklokkene i landet? Kvart år blir det samla tårnagentar over heile landet, no er det vår tur! Vi vonar at du har lyst å vere ein av dei! Det kostar ingen ting å delta.

 

Englevakter

Til dykk som har ein 3. klassing i huset: Vil de vere Englevakter? Ei Englevakt er ein som er med nokre timar denne helga, følgjer borna opp i kyrkjetårnet, hjelper til med maten, går saman med dei på symboljakt m.m.

 

Bake
Vi treng litt hjelp med mat. På påmeldingskjemaet spør vi om de kan bake pizzabollar til laurdag, eller kake til kyrkjekaffi søndag. Håpar dei fleste kan birda med noko av dette. J



Helsing - fullt hemmeleg - frå oss i  Nedstryn kyrkjelyd


Beate og Henny m/fleire J

Tilbake