Vi treng ny sokneprest!


Stillinga som sokneprest i Utvik, Innvik og Olden blir ledig når Harald prest blir pensjonist til sommaren.
Er det du, eller kjenner du nokon som vil bli prest i Stryn?
Som prest i Stryn får du både vere "bygdeprest" og del av ein stor og kreativ stab som liker å jobbe saman i team.

Ver med og del - og tips gjerne gode kandidatar om å søke. Vi gler oss alt til å ta imot nyepresten!

Her finn du utlysingsteksten. Søknadsfrist er 13. mars

 

Nordfjord byr på storslått natur med høge fjell, djupe fjordar og vakre, levande bygder. Her er svært gode tilhøve for allsidig friluftsliv heile året - til fots, på ski eller på sykkel. Området her er ei naturperle, sommar som vinter. Sjå www.visitnordfjord.no.

Det er ledig stilling som sokneprest i Nordfjord prosti med sokna; Utvik, Innvik og Olden som tenestestad

Utvik (265 medlemmar), Innvik (437) og Olden (757) er en del av Stryn kommune. Det er utstrakt samarbeid mellom dei 8 sokna i kommunen. Stor stab, aktive sokneråd og mange frivillige medarbeidarar bidreg til brei aktivitet og eit mangfaldig gudstenesteliv i sokna.


Vil du vite meir om jobben i Stryn, ta kontakt for ein uformell prat.
For nokre glimt frå det siste året, så filmen under. 

 

 

Tilbake