«KRØLLESAMLING» FOR 2-ÅRINGAR Med utdeling av kosesauen Krølle


Laurdag 19. juni kl. 10.30 inviterer trusopplæringa i indre Nordfjord til «Krøllesamling» for alle som fyller to år i 2021.
Samlinga er for 2åringen med familie. Foreldre, søsken, besteforeldre, eller kanskje ein fadder er velkomen til å vere med

Trykk HER for påmelding

Samlinga vert i Speidarane sin gapahuk v/ stryn skisenter. Om det vert skikkeleg ruskever vert samlinga i Nedstryn kyrkje. Då sender vi ut sms til alle påmeldte

 

På samlinga 

får vi høyre forteljinga om sauen Krølle som har gått seg bort. Kvar er han blitt av?

Vi vil dele ut ein Krølle-sau til kvar 2-åring som kjem på samlinga. Skal tru om ikkje sauene har gøymt seg inne i skogen?

Vi skal òg prøve å fiske «fisk» i «fiskedammen». Elles skal vi synge litt i lag. Kanskje er det nokon av dykk som vil kjenne igjen songar frå babysong? Etter samlinga et vi nistepakke og har det fint i lag.

Vi gler oss til å treffe både gamle og nye ansikt på denne familiesamlinga.

Ta med: Nistepakke, drikke, sitteunderlag, solkrem?

Samlinga vert i Speidarane sin gapahuk v/ stryn skisenter. Om det vert skikkeleg ruskever vert samlinga i Nedstryn kyrkje. Då sender vi ut sms til alle påmeldte.

Kan være et bilde av 4 personer

Ingen bildebeskrivelse er tilgjengelig.

Tilbake