A: Undervisning rett etter skulen
- Stryn: ca 10 torsdagar i Betania, kl. 14.45-16.15
- Olden: ca 10 onsdagar i Solvang, kl. 14.10 – 15.45
B: Kreativkonfirmant (fellesgruppe for heile kommunen)
Kreativkonfirmant jobbar kreativt med dei ulike temaene i konfirmantåret.
Dette er gruppa for deg som likar å vere kreativ. J
Foto, film, og laging av ulike ting. Ca 10 onsdagar i Betania, kl. 14.45-16.15
C: Friluftskonfirmant – «Bål, mat og prat» (fellesgruppe for heile kommunen)
- med undervisning ute som frilufts-/speidaraktivitet. Base i speidarane
sin gapahuk ved Stryn skisenter, ca 10 tysdagar kl. 17.30-19.00 (Tilbod om å vere med på speidaren på landsleir sommaren 2022)
D: Musikk-konfirmant (fellesgruppe for heile kommunen)
Deltek på TenSing (torsdagar kl. 19.00-21.00) eller SoulTeens (måndagar 18-20) som vanleg medlem. Har noko mindre undervisning enn dei andre gruppene, fordi dei får med andakter, og ulike samlingar med koret. (SoulTeens følgjer Solvang-gruppa på nokre samlingar, mens TenSing har eigne samlingar i forkant av nokre av øvingane.)

2. Konfirmanthelgar
Det vert 3 helger iløpet av våren med ulike aktivitetar og undervisning. Eit av prosjekta vert å lage samtalegudsteneste. Vi kjem tilbake med meir info om desse helgene.
3. KONFIRMANTHAPPENING
I løpet av året skal vi ha nokre større konfirmantsamlingar.
Det vert felles aktivitetsdag 28. august
Det vert dessverre ikkje nattcup i år, men det vert ein felles konfirmantdag for alle i nordfjord 30. oktober i operahuset på Eid.
4. FASTEAKSJONEN
Kvart år er konfirmantar og foreldre, saman med den lokale kyrkjelyden, med på Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon. Aksjonen finn stad veka før påske (5. april). Vi ber om at alle konfirmantane stiller med ein vaksen.
5. GUDSTENESTER
I løpet av året skal konfirmantane delta på minst 8 gudstenester. Nokre av dei er spesielle og obligatoriske gudstenester som konfirmantane er aktivt med i, for eksempel presentasjon- og samtalegudsteneste. Dei skal også delta med oppgåver i 2 «vanlege» gudstenester.
Å BLI KONFIRMERT OG LITT OM DÅP
Ordet konfirmasjon kan bety både «å stadfeste» og «å gjere sterk». Konfirmasjonshandlinga er ei forbønshandling der vi ber Gud om å velsigne og styrkje kvar enkelt konfirmant. Det krevst ikkje noko vedkjenning frå konfirmanten. Det viktigaste med konfirmanttida er å bli betre kjent med den kristne trua, der Gud seier ja til oss og vil vere ein del av livet vårt.
For å bli konfirmert må du vere døypt. Dersom du ikkje er døypt, kan du bli det i løpet av året. Om du er døypt eller ikkje skriv du inn i nettpåmeldinga. Vi kallar inn til ein samtale om dåp litt ut i året for deg som ynskjer å bli døypt. Nesten kvart år er det konfirmantar som ikkje er døypt som barn.
PRIS
Det kostar å drive konfirmantarbeid. Konfirmantavgifta er sett til kr. 1000.
Avgifta dekker undervisningsmateriell, seminar, aktivitetsdag, litt mat, leige av konfirmantkappe, osb. (Som Musikk- konfirmant vil du få tilbod om fleire leirar. Betaling for desse + medlemsavgift kjem i tillegg)
Om nokon skulle ha problem med å betale avgifta ber vi om at de seier i frå, så vil vi ordne det (sjølvsagt utan at andre får vite det). Prisen skal ikkje hindre nokon i å vere med.
REGLAR
- Dersom konfirmanten vert sjuk, eller av andre grunner ikkje kan møte, skal foreldra gje beskjed til kyrkjekontoret. (Då må han/ho møte på ei av dei andre gruppene. Konfirmantar med mykje fråver vil måtte ta det igjen med heimeoppgåver eller ekstraundervisning.)
- Alle møter presis og har med materiell som Bibel, konfirmantbok og skrivesaker dersom ikkje anna er oppgitt.
- Undervisninga utgjer til saman omtrent 60 timar konfirmantopplegg. Vi veit at mange unge er opptekne i fritida, men vi forventar at det som høyrer konfirmantåret til, vert prioritert høgt.
- Vi brukar sjølvsagt ikkje mobiltelefon i timane/gudsteneste/andre samlingar.
- Alle har ansvar for at det vert gode samlingar. Vi viser omsorg og respekterer kvarandre.
Offentleggjering av namn og bilde
For å få sette inn oversikt over konfirmantane i avisa før konfirmasjonen, og for å kunne bruke bilde som vert tatt, treng vi godkjenning frå heimen om at det er ok. Kryss av i innmeldingsskjemaet. (Snu arket)

VIKTIGE DATOAR
Det har vore vanskeleg å planlegge det nye konfirmantåret, pga koronasituasjonen.
Alle datoane er dessverre ikkje klar enda. Vi beklagar det. Det vert foreldremøte til hausten, og då håpar vi å ha alle viktige datoar klare, men her er dei vi har:
* KONFIRMANTPÅMELDING PÅ NETT innan 18.06: stryn.kyrkja.no
* 28. august: Aktivitetsdag
* Presentasjonsgudstenester hausten 2021 markerer starten på konfirmantåret
22.08: Oppstryn
29.08: Randabygd og Utvik
05.09: Nedstryn, Olden, Nordsida
12.09: Loen
19.09: Innvik
* Konfirmatdag 30. oktober: Operahuset
* Konfirmanthelger: 3 helger våren 2022. Datoane er enda ikkje heilt klare, men det vert truleg ei helg i januar/februar, 25-27. mars og 22-24. april.
* Tysdag 5. april: Fasteaksjon
* Konfirmasjon
Laurdag 7. mai
|
Søndag 8. Mai
|
Laurdag 14.mai
|
Søndag 15. mai
|
11.00 Utvik
11.00 Nedstryn
|
11.00 Nedstryn
13.00 Oppstryn
|
11.00 og 13.00 Loen
11.00 Innvik
11.00 Randabygd
|
11.00 Nedstryn
11.00 Olden
11.00 Nordsida
|
(Nedstryn: De får ynskje dag i nettpåmeldinga, alle må sette opp 1. og 2. val)
|
Velkommen som konfirmant frå hausten av!
Helsing staben i kyrkjene i Indre Nordfjord