Stryn Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Tårnagentsamling Olden kyrkje


Torsdag 11. juni 2021 inviterer vi DEG som går i 3. og 4. klasse til å vere med på Tårnagentsamling ute rundt Olden kyrkje.

Du skal få vere med og løyse oppdrag og rebusar, finne symbol, tyde hemmeleg skrift og førebu gudsteneste.

Trykk HER for påmeling til tårnagentsamling 

Vi samlast torsdag ettermiddag.  Alle møter ved Olden kyrkje torsdag 11. juni kl 17:00. Vi held på til ca. kl. 20:00. Den siste halvtimen har vi ei gudsteneste. Her ønsker vi heile familien velkomen! Det vert ei utandørs gudsteneste, lagt opp som ei vandring rundt kyrkja. Borna deltek. Kle dykk godt! Rett før eller rett etter gudstenesta får dei borna som har lyst, lov til å gå opp i kyrkjetårnet, etter tur, i lag med sine føresette.

 

Programmet blir omtrent slik:
17.00:           Velkomst og registrering.

17.30:           Oppdraga startar, m.a.
                       Rebusløp

Førebuing til gudstenesta

18.30:           Mat og varm drikke. Leik.

19:00:           Har vi løyst alle oppdraga? 

19:30:           Utandørs gudsteneste

20:00:           Besøk i kyrkjetårnet

 

«Englevakter»
Til dykk som har ein 3.eller 4.- klassing i huset: Vil de vere «Englevakter»?
Ei «Englevakt» er ein som hjelper til, f.eks følgjer borna rundt på oppdraga, hjelper til i rebusløpet, med maten og meir slikt. Vi vert glade for litt ekstra vaksenhjelp til å hjelpe til med det praktiske. Særleg viss det vert mange påmelde, og kohortane vert store.

Tilbake