Konfirmantane med digital innsamlingsaksjon for reint vatn!


Digital fasteaksjon
For over 50 år sidan, bestemte norske kyrkjer seg for ha ein innsamling til Kirkens Nødhjelp. No er det landets nest største aksjon, etter tv-aksjonen.
Kvart år, går konfirmantar og frivillige frå dør til dør for å samle inn pengar. På grunn av pandemien går ikkje dette i år, difor vert aksjonen digital, i år som i fjord.

 

 

Visste du at du brukar ca. 200 liter reint vatn kvar dag? Nokon menneske har ikkje tilgang til det. 1 av 10 menneske i verda har ikkje tilgang på reint vatn. Kvart år dør millionar av menneske på grunn av ureint vatn, flest barn og unge. 250 kroner kan gje et heilt liv med reint vatn.

Konfirmantane med digital innsamlingsaksjon for reint vatn!

Bli med på dugnaden

Facebookinsamling:https://www.facebook.com/donate/480552196291454/2759384654312269/

VIPPS: 2426

sms:VANN til 2426 (250 kr)

Gavekonto: 15942287493

 

I 2019, samla vi i Stryn kommune inn 100 000, i 2020 som aksjonen for første gong var digital, samla vi inn 80 000. Aldri før har reint vatn vore så viktig som no. Difor håpar vi Stryns befolkning er klar for å vere med på denne dugnadene og samle inn eit stort og godt beløp. Ein global pandemi krev global solidaritet og handlekraft. Saman kan vi forandre. For andre.

Nye måtar å samle inn på
Konfirmantane har laga flyers som dei legg i postkassene til naboar og kjente, dei kjem og til å å utfordre til gjevarglede gjennom sosiale media. På «Kyrkja i indre Nordfjord» har dei lage ein innsamling. I tillegg kan ein gje på sms, vipps eller på kirkens nødhjelp sin konto. (pengane vert registrert på postnr, så går du inn på fasteaksjone si heimeside kan du søke opp kor mykje pengar som kjem inn frå kvar bygd. Kanskje vert det litt konkurranse mellom bygdene våre om kven som klarar samle inn mest, smilar konfirmantane.

Tilbake