Velkomen til eit spennande konfirmantår i kyrkja!
Klikk for å finne påmeldingsmodul.
TRYKK HER FOR PÅMELDING
Hei! Vi håpar du har fått invitasjon i posten. Viss ikkje, ta kontakt, så sender vi konfirmantposten til deg. I tillegg til påmelding her, skal alle sende inn "kontraktskjemaet" som ligg i brevet.
Alle som vil er velkommen til å vere konfirmant i kyrkja. Dei som ikkje er døypt, kan bli døypt i løpet av konfirmantåret.
Konfirmantåret består av 5 ulike delar. Til saman omkring 60 timar.
1. KONFIRMANTGRUPPER m/undervisning
Konfirmantane kan velje mellom ulike modellar for undervisning. (Gruppeynskje skjer i nettpåmeldinga.)
A: Undervisning rett etter skulen
- Stryn: ca 10 torsdagar i Betania, kl. 14.45-16.15
- Olden: ca 10 onsdagar i Solvang, kl. 14.10 – 15.45
B: Kreativkonfirmant (fellesgruppe for heile kommunen)
Kreativkonfirmant jobbar kreativt med dei ulike temaene i konfirmantåret.
Dette er gruppa for deg som likar å vere kreativ. J
Foto, film, og laging av ulike ting. Ca 10 onsdagar i Betania, rett etter skulen, kl. 14.45-16.15
C: Friluftskonfirmant – «Bål, mat og prat» (fellesgruppe for heile kommunen)
- med undervisning ute som frilufts-/speidaraktivitet. Base i speidarane
sin gapahuk ved Stryn skisenter, ca 10 tysdagar kl. 17.30-19.00
D: Musikk-konfirmant (fellesgruppe for heile kommunen)
Deltek på TenSing (torsdagar kl. 19.00-21.00) eller SoulTeens (måndagar 18-20). Har difor færre undervisningstimar gjennom året. (SoulTeens følgjer Solvang-gruppa på nokre samlingar, mens TenSing har eigne samlingar i forkant av nokre av øvingane.)
E: Haustkonfirmant m/leir, - (fellesgruppe for heile kommunen)
Denne gruppa har konfirmasjonsdag første helga i september 2021.
Dette tilbodet er for deg som «heile» vinteren deltek på t.d. idrettsarrangement i helgene, og av den grunn har problem med å få med deg musikalsamlingane
Leirveke ei veke sommaren 2021. (Meir info om leiren seinare. Det kan verte ei tilleggsavgift her.)
2. MUSIKAL
Også dette året vil vi jobbe med ei konfirmantoppsetting. Det vert 3 obligatoriske øvingshelger med alle konfirmantane (ikkje Haust-konfirmantane)
Framføring av musikalen blir årets samtalegudsteneste, og konfirmantane tek del med ulike oppgåver. Framføring 18.april
3. KONFIRMANTHAPPENING
I løpet av året skal vi ha nokre større konfirmantsamlingar.
Det vert felles aktivitetsdag 5. september
Det vert dessverre ikkje nattcup i år, men vi jobbar med alternativ.
4. FASTEAKSJONEN
Kvart år er konfirmantar og foreldre, saman med den lokale kyrkjelyden, med på Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon. Aksjonen finn stad veka før påske (23. mars). Vi ber om at alle konfirmantane stiller med ein vaksen.
5. GUDSTENESTER
I løpet av året skal konfirmantane delta på minst 8 gudstenester. Nokre av dei er spesielle og obligatoriske gudstenester som konfirmantane er aktivt med i, for eksempel presentasjon- og samtalegudsteneste. Dei skal også delta med oppgåver i 2 «vanlege» gudstenester.
Å BLI KONFIRMERT OG LITT OM DÅP
Ordet konfirmasjon kan bety både «å stadfeste» og «å gjere sterk». Konfirmasjonshandlinga er ei forbønshandling der vi ber Gud om å velsigne og styrkje kvar enkelt konfirmant. Det krevst ikkje noko vedkjenning frå konfirmanten. Det viktigaste med konfirmanttida er å bli betre kjent med den kristne trua, der Gud seier ja til oss og vil vere ein del av livet vårt.
For å bli konfirmert må du vere døypt. Dersom du ikkje er døypt, kan du bli det i løpet av året. Om du er døypt eller ikkje skriv du inn i nettpåmeldinga. Vi kallar inn til ein samtale om dåp litt ut i året for deg som ynskjer å bli døypt. Nesten kvart år er det konfirmantar som ikkje er døypt som barn.
PRIS
Det kostar å drive konfirmantarbeid. Konfirmantavgifta er sett til kr. 1000.
Avgifta dekker undervisningsmateriell, seminar, aktivitetsdag, mat, leige av konfirmantkappe, osb. (Som Musikk- konfirmant vil du få tilbod om fleire leirar. Betaling for desse kjem i tillegg)
Om nokon skulle ha problem med å betale avgifta ber vi om at de seier i frå, så vil vi ordne det (sjølvsagt utan at andre får vite det). Prisen skal ikkje hindre nokon i å vere med.
REGLAR
- Dersom konfirmanten vert sjuk, eller av andre grunner ikkje kan møte, skal foreldra gje beskjed til kyrkjekontoret. (Då må han/ho møte på ei av dei andre gruppene. Konfirmantar med mykje fråver vil måtte ta det igjen med heimeoppgåver eller ekstraundervisning.)
- Alle møter presis og har med materiell som Bibel, konfirmantbok og skrivesaker dersom ikkje anna er oppgitt.
- Undervisninga utgjer til saman omtrent 60 timar konfirmantopplegg. Vi veit at mange unge er opptekne i fritida, men vi forventar at det som høyrer konfirmantåret til, vert prioritert høgt.
- Bruk av mobiltelefon i timane/gudsteneste/andre samlingar er ikkje lov.
- Alle har ansvar for at det vert gode samlingar. Vi viser omsorg og respekterer kvarandre.
Offentleggjering av namn og bilde
For å få sette inn oversikt over konfirmantane i avisa før konfirmasjonen, og for å kunne bruke bilde som vert tatt, treng vi godkjenning frå heimen om at det er ok. Kryss av i innmeldingsskjemaet.
VIKTIGE DATOAR
Det har vore vanskeleg å planlegge det nye konfirmantåret, pga koronasituasjonen.
Alle datoane er dessverre ikkje klar enda. Vi beklagar det.
Det vert foreldremøte etter presentasjonsgudstenesta, og då håpar vi å ha alle viktige datoar klare, men her er dei vi har:
* KONFIRMANTPÅMELDING PÅ NETT innan 19.06: stryn.kyrkja.no
* 5.september: Aktivitetsdag
* Presentasjonsgudstenester hausten 2020 markerer starten på konfirmantåret
23.08: Oppstryn
30.08: Nordsida og Olden
06.09: Randabygd og Nedstryn
13.09: Loen
20.09: Innvik
* Musikal: 3 helger våren 2021. Framføring 18.april.
* Tysdag 23. mars: Fasteaksjon
* Konfirmasjon
Laurdag 1. mai
|
Søndag 2. Mai
|
Laurdag 8.mai
|
Søndag 9. mai
|
11.00 Nordsida
11.00 Innvik
|
11.00 Nedstryn
11.00 Randabygd
13.00 Oppstryn
|
11.00 Loen
13.00 Nedstryn
11.00 Olden
|
11.00 Nedstryn
|
|
(Nedstryn: De får ynskje dag i nettpåmeldinga, alle må sette opp 1. og 2. val)
|