Vi startar opp igjen med gudsteneste


Når vi no kan samlast opptil 50 personar, gler vi oss til å feire gudstensete igjen rundt i kyrkjene våre.

 

Vi ynskjer velkomne til gudsteneste, og syner til kalenderen her på nettsida som syner den oppdaterte datoar og klokkeslett for gudstenestene. Vi gjer merksam på at det kan vere endringar i høve til det som står i Kyrkjeklokka.

For at alle skal kjenne seg trygge i høve til forebygging av smitte, har vi laga ein lokal smittevernplan som vil vere gjeldande for alle arrangement i kyrkjene våre framover. Det blir gjeve god informasjon i kyrkja.

Velkomne til gudsteneste!

Tilbake