Stryn Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Måling av Innvik kyrkje


Det vert med dette bede om tilbod på arbeidet med utvendig måling av Innvik kyrkje.

 

 

Tilbodsgrunnlag for:

Utvendig måling av Innvik kyrkje, sommaren 2020

 

Innvik kyrkje:

  • Åttekanta trekyrkje frå 1822.
  • Tårn plassert sentralt over kyrkjeskipet.
  • Farge kvit med raudbrune lister.
  • Småruta vindauge.

 

Arbeidet skal utførast i følgje informasjonsblad frå Riksantikvaren: Informasjonsark 3.9.15 Maling av eksteriør på verneverdige bygninger. Ein skal og følgje rettleiing etter Kapittel 3.8.1 Vedlikehald av vindauge, og kapittel 3.9.4 Utvendig måling av trehus: Linoljemåling – eigenskapar og bruk 

 

 

 Arbeidet omfattar i hovudsak:

  1. Reingjering og nedmatting: Alle flater skal vaskast med Beckers Fasadevask eller tilsvarande. Middelet skal sprøytast på med lågtrykk sprøyte, veggen skal skurast med kost, skylle av med vanleg vasslange og vanleg vasstrykk.
  2. Fjerning av laus måling: Laus måling må fjernast til rein, fast botn. Kantar av attverande måling skal slipast med grovt sandpapir (ikkje slipe treverket).
  3. Overflata skal vaskast så godt at all tidlegare svertesopp og skit er fjerna. Behandle veggane med alge- og soppdrepar (Boracol eller tilsvarande) etter bruksrettleiing for produktet.
  4. Treverket må tørke før måling. Kontroller med fuktmålar, max. 15% fukt.
  5. Utbetring av skader i underlaget: Større sprekker i panelet bør utbetrast med trefliser, mindre sprekker bør tettast med linoljekitt.
  6. Vindauge: Laus og oppsprukken kitt må fjernast og erstattast med ny linoljekitt. Ved behov må glaset takast ut for heil omkitting. Bart tre i kittfalsen må grunnast med uttynna linoljemåling før kitting.
  7. Alt nytt ubehandla treverk og bart treverk etter skraping skal grunnast med uttynna linoljemåling 40%.
  8. Måling med linoljemåling: Påføring i 2 tynne strøk. 1. strøk tynna med 20% White-spirit og 2. strøk utan tynning. Ved behov skal parti med dårlegare metting påførast eit tredje strøk.
  9. Grunnmur og omgjevnader skal skjermast mot målingsøl. Avskrap av måling, materialrestar og alle uønska målingsflekkar skal fjernast får arbeidet blir ferdigstilt.
  10. Areal er rekna til om lag 370 m2 inkludert dører og vindauge. Tilbydar må foreta mengdeberekning før skriving av kontrakt.
  11. Tilbodet skal omfatte alle kostnader til stillas, arbeid, måling og utstyr. Det skal oppgjevast timepris for tilleggsarbeid og påslag i prosent for kjøpte varer og tenester som ikkje elles er med i tilbodet.

 

Kvalitet på måling: Rein linoljemåling frå Beckers eller Ottoson. Målinga skal ha eit sinkinnhald på over 7%, og ha dokumentret god effekt mot svertesopp.

           (Farge: kvit (Titanzink) med raudbrune (Järnmönja) lister).

 

Tilbydar må dokumentere erfaring med bruk av ekte linoljemaling ved måling av verneverdige bygg, og ein  ber om referanse på denne type oppdrag.

 

Til orientering: utskifting av dårleg treverk vil bli utført av snikkar i forkant av målingsarbeidet., etter eigen avtale med oppdragsgjevar.

 

Arbeidet skal utførast i løpet av sommaren 2020 ved tørr luft på tørt treverk, max 15% fukt og temperatur over 12º C. Unngå direkte sol.

 

Frist for ferdigstilling: 1. september 2020                                                                                    

 

 

Ved evt. spørsmål: kontakt kyrkjeverje Kari Synnøve Muri, tlf. 91327882, e-post: kari.muri@stryn.kommune.no

 

Tilbodssynfaring: onsdag 20. mai, oppmøte ved Innvik kyrkje kl. 10.00

 

Tilbodsfrist: Fredag 29.05.20 kl. 12.00, då det vert tilbodsopning.

 

Tilbod skal sendast til:

Stryn Kyrkjelege Fellesråd, v/kyrkjeverje Kari Synnøve Muri,

Postadresse: Tonninggata 4, 6783 Stryn.

Besøksadresse: Rognehaugen 11, 1. etg.

E-post: kari.muri@stryn.kommune.no

 

 

Tilbake