Informasjon om smitteforebygging


Gudstenester og andre samlingar i kyrkjene er avlyst inntil vidare. Gravferder blir gjennomført etter særskilde retningslinjer.

 

I samråd med kommuneoverlegen og etter retningslinjer frå Bjørgvin bispedøme, gjeld følgjande for kyrkjene i Stryn kommune frå og med 12. mars:

Alle gudstenester er avlyst inntil vidare. 

Dåp vil bli gjennomført utanom vanleg gudsteneste, i samråd med den einskilde familie.

Gravferd kan gjennomførast i kyrkjer og kapell med næraste pårørande til stades (maks 25 personer).

Kyrkjekontoret må diverre halde stengt for besøkande, men vi er tilgjengeleg både på telefon og e-post i vanleg kontortid. Ta gjerne kontakt!

Konfirmantmusikalen som var planlagt søndag 22. mars, er utsett inntil vidare.

 

Tilbake