På Valentinsdagen den 14 februar 2025 kl 12-17 inviterer Nedstryn sokneråd til drop-in-vigsel i kyrkja. Etter åtte år med bra oppslutning om dette, satsar vi frimodig på at like mange par vil feire bryllaup på denne måten, også i år. Vi ser at dette appellerer til dei som vil gjere det enkelt, bruke mindre pengar på arrangementet, og unngå månader med planlegging og førebuingar.
I år kan ein melde seg på digitalt ved å gå inn på Vigselsida eller du kan bruke denne linken:
Stryn Kyrkjelege Fellesråd > Kyrkjelege handlingar > Vigsel
Faktisk er det berre å møte opp i kyrkja i tidspunktet kl 12-17. - det er berre ein ting som er særs viktig, og det er at vigselspapira er i orden. Det går fort å få dei underskrivne papira frå skatteetaten. Om de søkjer elektronisk tek det berre nokre få dagar så kjem prøvingsattesten som det heiter i inn-boksen. Denne må takast med i kyrkja på bryllaupsdagen, men gje gjerne beskjed til oss på førehand.
Alle skjema finst her: Ekteskap i Norge - Skatteetaten
To forlovarar må skrive under forlovarerklæring, som også må sendast inn, men forlovarane treng strengt tatt ikkje vere med i kyrkja under vigsla.
Paret kan ta med den dei vil til denne seremonien. Der må vere to vitne til stades. Viss ikkje paret har med seg forlovarar eller andre vitne, stiller vi frå kyrkja med vitne.
Paret og eventuelle gjester vil bli servert kake og kaffi ute viss det er fint ver, eller i sakristiet. Denne dagen kostar ikkje vigsla noko, sjølv om paret kjem utanbygds frå. Det er sjølvsagt heilt greitt om paret tek kontakt med kyrkjekontoret på førehand.
Velkomne til ein enkel seremoni i Nedstryn kyrkje. Då er det berre å setje seg ned med søknadsskjema til skatteetaten.