Det er med djup sorg vi har motteke melding om at H.M. Kong Harald døydde idag.
Dette blir markert i med klemting frå kyrkjeklokkene i alle kyrkjene våre kl. 12 - 13.
Dei fleste kyrkjene våre vil vere opne i dag utover ettermiddagen, der alle er velkomne til å tenne lys og vere i kyrkjerommet slik ein ynskjer.
Desse kyrkjene blir opne, frå klokka 16 til 20:
Oppstryn, Nedstryn, Loen, Olden, Innvik, Utvik, Nordsida.
Komande søndag er det fire gudstenester: Utvik kl 11, Randabygd kl 11, Liatunet i Innvik kl 15, Nordsida kl 20. Her vil det og bli markert at Kong Harald er død.
I Eid kyrkje er det lagt ut ein felles offisiell kondolanseprotokoll for kyrkjene i Nordfjord prosti.
Vi syner elles til den offisielle kondolanseprotokollen for Stryn kommune som ligg i kulturhuset.