Stryn Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Kyrkjemusikar, 20-50%, vikariat


Er du ein musikar som kunne tenke deg ein deltidsjobb i kyrkja? Kjenner du nokon som er aktuelle for ei slik stilling? 

Vi vil og gjerne ha kontakt med deg som kunne tenke deg å steppe inn som vikar ein gong i blant. Det gjeld deg som spelar orgel, piano eller anna instrument som du tenker kan fungere.

Den utlyste stillinga gjeld i hovudsak teneste i Olden, Innvik og Utvik kyrkjer, og ansvar for kyrkjemusikken i desse tre sokna.  

*Olden kyrkje, langkyrkje i tre frå 1934. Vestre orgel frå 1953/54, 18 stemmer. Ny spelepult frå Aug. Laukhuff 2010. Piano.  

*Innvik kyrkje er ei åttekanta kyrkje i tre frå 1824. Orgel frå 1914, Olsen og Jørgensen, 8 stemmer. Piano.  

*Utvik kyrkje, langkyrkje i tre  frå 1840. Elektronisk orgel frå 2009, ALLEN Q205. Piano.  (Orgel frå 1913, Olsen og Jørgensen, 7 stemmer er p.t. ikkje i bruk.)

Ein vert tilsett i heile fellesrådsområdet, og må rekne med noko arbeid og i dei andre kyrkjene. Stillinga kan bli fast.

 

 

Arbeidsoppgåver: 

 

*Planlegge og gjennomføre gudsteneste, gravferder, vigsler og institusjonsandakter i samarbeid med prest/stab 

*Inspirere til variert og breitt musikalsk uttrykk i gudsteneste og anna kyrkjelydsarbeid 

*Ansvar for tilsyn og vedlikehald av kyrkjene sine instrument 

*Andre oppgåver kan bli aktuelle 

  

 

Kvalifikasjonar: 

 

*Kunne vere musikalsk leiar i gudstenester og andre kyrkjelege handlingar, fortrinnsvis på orgel og/eller piano.

*Kunne meistre ulike musikalske uttrykksformer 

*Røynsle frå kyrkjelydsarbeid og kjennskap til norsk gudstenesteliv er ynskjeleg. Opplæring vert gjeve etter behov. 

*Kunne kommunisere godt på norsk – både skrifteleg og munnleg. 

*Lojalitet til kyrkja sine grunnverdiar og visjon  

 

 

Personlege eigenskapar: 

 

*Kunne arbeide sjølvstendig og samtidig inspirere, kommunisere og samarbeide godt med frivillege og stab 

*Engasjert, fleksibel, strukturert og løysingsorientert 

*Open for musikalsk mangfald og tverrfagleg samarbeid 

 

 

Vi tilbyr: 

 

*Spennande stilling i eit godt arbeidsmiljø 

*Løn etter gjeldande tariff 

*Gode forsikrings- og pensjonsordningar 

 

 

Anna: 

*Må disponere bil 

*Den som får tilbod om stillinga, må leggje fram godkjend politiattest før     tilsetjinga 

 

For spørsmål om stillinga: 

Kyrkjeverje Kari Synnøve Muri, tlf. 91327882 

 

Oppstart: snarast råd.

 

 

Søknad med CV og referansar til:

Stryn Kyrkjelege Fellesråd, Rognehaugen 11, 6783 Stryn  

eller: kari.muri@stryn.kommune.no  

Søknadsfrist:  20. juni 2026

Tilbake