
har ledig fast stilling som
ORGANIST/KYRKJEMUSIKAR 20 % stilling
Den utlyste stillinga gjeld i hovudsak teneste i Nordsida kyrkje og Randabygd kyrkje.
Nordsida sokn har 18 forordna gudstenester årleg. Kyrkja er frå 1973 og er bygd som ei arbeidskyrkje i betong. Det er ein aktiv kyrkjelyd med tilbod til både unge og eldre. Orgelet er levert av Vestre orgelfabrikk i 1974 og har ni stemmer.
Randabygd sokn har 10 forordna gudstenester i året. Orgelet frå 1929 er bygt av Vestre orgelfabrikk, har sju stemmer, to manualar, pedal og svellverk med motor, og er godt vedlikehalde. Kyrkja har eit lyst og ope kyrkjerom med god akustikk.
Tilsettinga vil omfatte i heile fellesrådsområdet, og ein må rekne med å kunne gjere teneste og i dei andre kyrkjene.
Arbeidsoppgåver:
- Planlegge og gjennomføre gudstenester, gravferder og vigsler i samarbeid med prest/stab
- Ansvar for tilsyn og vedlikehald av kyrkja sine instrument
- Andre oppgåver kan bli aktuelle
Kvalifikasjonar:
- Kyrkjemusikalsk utdanning eller anna relevant utdanning/røynsle
- Allsidig orgel- og pianodugleik
- Kunne meistre ulike musikalske uttrykksformer
- Røynsle frå kyrkjelydsarbeid og kjennskap til norsk gudstenesteliv
- Kunne kommunisere godt på norsk – både skrifteleg og munnleg.
- Lojalitet til kyrkja sine grunnverdiar og visjon
Personlege eigenskapar:
- Kunne arbeide sjølvstendig og samtidig inspirere, kommunisere og samarbeide godt med frivillege og stab
- Engasjert, fleksibel, strukturert og løysingsorientert
- Open for musikalsk mangfald og tverrfagleg samarbeid
Vi tilbyr:
- Spennande stilling i eit godt arbeidmiljø
- Løn og andre vilkår etter KA’s regelverek
Anna:
- Må disponere bil
For spørsmål om stillinga:
Kyrkjeverje Kari Synnøve Muri, tlf. 91327882
Sokneprest Hege Høibye tlf. 41375495
Søknad med CV og referansar
til: Stryn Kyrkjelege Fellesråd, Rognehaugen 11, 6783 Stryn
eller: kari.muri@stryn.kommune.no
Søknadsfrist: 13.okt. 2025