Stryn Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Ledig fast 100% stilling som kyrkjelydspedagog


- Likar du arbeid med barn og ungdom? Brenn du for formidling av den kristne trua?

Vi søkjer deg som vil engasjere deg i kristent barne- og ungdomsarbeid. Vi tilbyr eit godt arbeidsfellesskap med mykje erfaring og kreativitet.

Hovudoppgåver for stillinga:

• Leie gjennomføringa av trusopplæring 0-18 år etter vedteken lokal plan

• Konfirmantarbeid

• Oppfølging av leiarar i barne- og ungdomsarbeid

Kyrkjelydspedagogen arbeider tett med kateket og øvrig stab.

Noko arbeid på kveldstid og i helgar må påreknast.

 

Kvalifikasjonar:

Vi legg vekt på erfaring frå kyrkjelydsarbeid, evne til kommunikasjon med born og unge. Du må kunne jobbe både sjølvstendig og i team, og kjenne gleda i å formidle den kristne bodskapen.  

Vi søkjer primært ein person med pedagogisk og kristendomsfagleg utdanning. Søkjarar med relevant realkompetanse vil bli vurdert.

 

Det er krav om å kunne norsk språk, munnleg og skriftleg. Målforma i indre Nordfjord er nynorsk. Ved tilsetjing må ein leggje fram barneomsorgsattest frå politiet.

Den som vert tilsett, må vere medlem av Den norske kyrkja.

 

Kyrkjekontoret i Stryn er dagleg arbeidsplass. Saman med dei andre tilsette skal stillinga dekke alle sokna i Stryn kommune.

Arbeidsgjevar er Stryn Kyrkjelege Fellesråd, representert ved kyrkjeverja.

Løn etter kvalifikasjonar og i høve til tariff for stillingar i Den norske kyrkja.

Den som vert tilsett, må disponere bil i jobben. Køyregodtgjersle etter fastsett regulativ.

 

For nærare opplysningar kontakt kyrkjeverje Kari Synnøve Muri 91 32 78 82 eller

kateket Beate Nes 98 65 42 44.

 

Søknad med CV sendast Stryn Kyrkjelege Fellesråd, Rognehaugen 11, 6783 Stryn,

e-post: kyrkja@stryn.kommune.no

 

Søknadsfrist: 5. mai 2025.

Tilbake