Den norske kyrkja har eit godt og variert tilbod om trusopplæring for born og unge.
Om barnet ditt er medlem i Den Norske kyrkja, får barnet automatisk tilsendt informasjon om dei aktivitetane kyrkjelyden har, som passar for sin alder.
Om barnet ditt ikkje er medlem i Den Norske kyrkja, men du som føresett er medlem, kan du abonnere på informasjon om tilbod for born og unge, direkte til deg som er vaksen. Dette blir kalla eit trusopplæringsabonnement. Det er heilt gratis.
Bli trusopplæringsabonnent enkelt og gratis ved å logge deg på Min side og registrere abonnementet. Du som er føresett treng ikkje vere medlem for å gjere dette. Det er også mulig å registrere abonnementet ved å kontakte kyrkja der du bur og oppgi namn og alder på barnet.