Vaksne kan velje dåp i kyrkja


Dåp er like stort, uansett alder. Dåp av vaksne skjer oftare og oftare i kyrkja og kvifor du vel dåp er opp til deg. Kven som helst kan bli døypt, alderen betyr ingen ting, men for å bli døypt må ein ha eit ønskje om å tilhøyre ei kristen kyrkje.
Ein som er døypt i eit anna kyrkjesamfunn og som ynskjer medlemsskap i den norske kyrkja, blir ikkje døypt på nytt, men kan bli medlem.
Den vaksne som vil bli døypt får ein samtale med presten, og møter i kyrkja med to fadrar. Desse er vitne til dåpshandlinga. Kyrkja kan stille med fadrar dersom ein ikkje har med nokon sjølv.

Tilbake