Når barnet er 15 år er det religiøst myndig og kan sjølv bestemme om han eller ho vil vere medlem av kyrkja. Kvart år er det om lag 1000 konfirmantar som blir døypte. Dåpen er ein føresetnad for konfirmasjonen.
Dei unge får då dåpsopplæringa si i konfirmasjonstida og blir døypte før sjølve konfirmasjonsdagen.
Unge som vil bli døypte treng ikkje bli konfirmert, men tek ein samtale med presten før dåpen.