Barnedåpen har ein lang tradisjon i landet vårt, og for mange er dette ei viktig feiring av barnet.
Det er eit val å la barnet bli døypt. Det er og eit val å ikkje velje dåp for barnet sitt. Foreldra legg grunnlag for dei vala borna sjølve skal ta i framtida.
I dåpen blir barnet medlem av den norske kyrkja og vil få invitasjon til å vere med i barne- og ungdomsarbeidet i kyrkja, i gudstenester og trusopplæring.
Born som ikkje er døypte kan få invitasjonar til kyrkja si trusopplæring dersom foreldra ynskjer det.