Kvart år, på Valentinsdagen, den 14. februar, arrangerer vi drop-in-bryllaup i Nedstryn kyrkje. Vi held kyrkja open frå klokka 1200.
Mange tek kontakt for å avtale tidspunkt, andre dukkar berre opp. Det einaste vi krev er godkjend prøvingsattest.
Staben syter for musikk, salmeval, tekstlesingar, tale, kaffi og kake. Vi stiller òg med vitne, dersom paret kjem heilt åleine.
Alt dette er gratis.
For digital påmelding til Drop In Vigsel, bruk denne linken: Stryn Kyrkjelege Fellesråd > Kyrkjelege handlingar > Vigsel