Vigselsamtale


Presten som skal vie dykk kjem til å kalle dykk inn til ein vigselsamtale. Ikkje alle bur i nærleiken, så samtalen må skje når det høver for alle partar. I denne samtalen går ein gjennom seremonien. Paret vel kva liturgi ein vil bruke, sidan vi har ein som gjeld når paret er mann og kvinne, og ein som gjeld for alle par.
Paret får velje korleis dei vil svare ja, om dei vil setje på ringar, og kva forbøn dei vil velje. Paret plukkar også ut bibeltekstar og salmar, og her finst det gode lister å velje frå.
Ein kan kome med musikkynskje og ein har høve til å ta med eigne musikkinnslag.
Presten ynskjer også å bli litt kjend med paret og det blir ein uformell samtale om fortid og framtid.

Tilbake