Ingen kan gifte seg utan at ekteskapet er godkjent av styresmaktene. Difor må de sende inn søknad om ein såkalla prøvingsattest. De finn alle nødvendige skjema her:
Ekteskap i Norge - Skatteetaten
Attesten er gyldig i fire månader, så de må ikkje søkje for tidleg. Om de søkjer elektronisk kan det gå veldig fort å få svar på søknaden. Ver merksam på at også to forlovarar må sende inn sine skjema. Når de får godkjend prøvingsattest tilbake frå skatteetaten, sender de han til kyrkjekontoret. Vi treng han før vigselen. Når det gjeld drop-in-vigsel held det at de har attesten med i kyrkja.