Velkomen til å inngå ekteskap hos oss i kyrkja


Når de les dette har de alt tenkt på å inngå ekteskap. Ved å gå inn i ein slik, offentleg avtale, får de orden på svært mange, ytre forhold som gjel samlivet dykkar, skatt, eigedom, arv og meir slikt får eit regelverk rundt seg som de vil ha god nytte av. Å gifte seg er ein smart ting å gjere

Nokon ynskjer eit stort bryllaup i samband med at dei inngår ekteskap, andre vil gjere det enkelt, kanskje berre med paret og forlovarane til stades. Nokon planlegg i god tid på førehand, medan andre «hoppar i det». Ekteskapet er gyldig uansett, når løftet er gitt og vigslaren har gjort kjent at de er «rette ektefolk».

I Stryn har vi ni kyrkjer der vi kan gjennomføre vigsel, vi kan ta imot paret på kyrkjekontoret, eller vi kan arrangere vigselen ute i det fri. Om de har ynskje om å gifte dykk ein annan stad enn i ei av kyrkjene, må de ta kontakt med kyrkjekontoret for ein avtale.

Tilbake