I daglegtalen blir omgrepet gravferd brukt om både gravferd, bisetting og urnegravferd, og i kyrkja er det liten forskjell på dei tre seremoniane. Etter ei bisetting blir avdøde kremert ein annan stad, medan etter ei gravferd/urnegravferd blir kista/urna med avdøde lagd i jorda.
Ved gravferd, bisetting og urnegravferd har vi seremoni i kyrkja.
Ved urnenedsetting eller kistegravlegging har ein gjerne hatt ein seremoni ein annan stad i landet, eller avdøde er frå eit anna trussamfunn.
Har ein hatt ein seremoni ein annan stad i landet, blir gjerne avdøde lagt i jorda utan noko seremoni og med dei nærmaste tilstades. Ynskjer ein prest tilstades må ein ta kontakt med kyrkjekontoret.
Er avdøde frå eit anna trussamfunn blir urna/kista med avdøde lagt i jorda, og evt med seremoni frå sitt eige trussamfunn.
Vi har graver i Loen og Nedstryn som er uvigsla og er livssynsnøytrale.