Minnelund


Bilde viser den namna Minnelunden i Oppstryn som er fint opparbeidd med skiferheller med grøne plen rundt til askeurner. Der er ein store høge bautastein midt på skiferplassen til å ha namn til dei avdøde på. Der er også trebenkar og ein mur ned mot vatnet til å ha gravlykter i.  Vi ser også Oppstrynsvatnet og dei flotte høge fjella i bakgrunnen ein solrik sommarsdag.

NAMNA MINNELUND - OPPSTRYN:

På bilde ser vi den Namna Minnelunden på gravplassen i Oppstryn som vart tatt i bruk i 2024.
Ved gravlgging i namna Minnelund bllr namn og data til avdøde ført på ei namneplate på den store minnesteinen. Namneplata kan kun innehalde eitt namn, og det er høve til å reservere plass til ei ny namneplate ved sidan av, mot betaling av festeavgift. 
I namna Minnelund gjeld dei same reglane for frigrav som for ordinære graver for dei som bur i soknet. For dei som ikkje bur i soknet gjeld ikkje frigravperioden og har festeavgift frå fyrste dag (sjå Festeavgift).
Det er ikkje høve til å symbolsk flytting av namn frå eksisterande graver.
Gravplassmyndigheita har ansvaret for felles planting og stell. Det er ikkje høve til å opparbeide eige plantefelt for grav i minnelunden. Blomar og lys kan plasserast på tilrettelagde stadar ved minnesmerket.

 

UNAMNA MINNELUND - NEDSTRYN:Bilde viser eit lite grått gravminne som står på skrått bakover med gull tekst som viser eit hjerte og tekst som står, til minne om dei aller minste. Vi ser også blomster i blomsterbeddet.

På Nedstryn kyrkjegard har vi ein unamna Minnelund for dei aller minste borna. Der står eit lite gravminne med teksten ```Til minne om dei aller minste``. Gravplassmyndigheita har ansvaret for felles planting og stell. Det er ikkje høve til å opparbeide eige plantefelt for grav i minnelunden.

 

Tilbake