Stryn Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Festeavgift


Den som står oppført som festar eller fakturamottakar på ein gravstad, vil ved festeforfall få tilsendt ein faktura via Digipost, e-faktura eller papirfaktura.
Ved betaling godkjenner man vidare feste for 5 nye år.
 

 

Festeavgift -  Prisliste

Om ein ikkje lenger ynskjer å feste gravstaden, kan man overføre festet til ein anna person eller slette gravstaden. Dette må meldast skriftleg til kyrkjekontoret på e-post: kyrkja@stryn.kommune.no

Ein gravstad har eit festenummer f.eks 01-00123, og ein gravstad kan ha ei eller fleire graver. Sluttsummen i ein festefaktura kan gjelde ein eller fleire gravstadar, og det ser man på antal festenummer.
Man betalar for antal graver og ikkje antal gravminner som mange kanskje tenkjer.

Om man festar fleire graver i eit gravfeste, er det det høve for å slette ei eller fleire av gravene i festet. Namna blir ståande på gravminne sjølv om man slettar nokre av gravene.

Tilbake