Stryn Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Førsteklassesklubb


Onsdag 15. mars inviterer vi 1. klassinger frå heile komunen til førsteklassesklubb i Betania.
Påmelding HER

 FØRSTEKLASSESKLUBB  

Hei førsteklassing!  

No er det førsteklassesklubb igjen. Onsdag med fri frå skulen er ein fin dag å treffast på J Få med deg ein vaksen ut døra og bli med! Vi skal blant anna bake bollar, og så skal vi «smake» litt på påskeforteljinga; kva skjedde Skjærtorsdag? Og kva er eigentleg nattverd?  

                 Onsdag 15.mars kl. 09.00 – 11.00 

                      i Betania, i Stryn sentrum  

Levering og henting   

Det er kjekt om barnet vil ha med seg ein vaksen på samlinga. Litt ekstra vaksenhjelp set vi pris på å få. Barnet kan òg vere på samlinga åleine. Når vi er ferdige, får ingen av barna forlate Betania før dei er henta og vi har fått «kryssa ut» namnet på lista.   

Vi er opne for å kunne hente og følgje barn frå og til Tonning SFO. Dette må sjølvsagt avtalast med oss, og de må sjølve informere Tonning SFO om dette. Vi har ikkje samarbeid med skulen. Sjølv om avstanden er kort, sender vi ikkje barn av garde åleine.   

  

Velkommen!   

Denne invitasjonen blir sendt til alle førsteklassingar i Stryn kommune som står i kyrkja sitt medlemsregister, men alle er velkommen til å melde seg på, - uavhengig av medlemsskap.     

                                                 HUGS PÅMELDING!  

Påmelding via Kyrkja si heimeside: 

 stryn.kyrkja.no innan måndag 13.mars.  

  

Ikkje nøl med å ta kontakt på Kyrkjekontoret dersom de lurer på noko.  

Tlf. 57876180 eller mail elisabeth.skarstein@stryn.kommune.no  

 

Helsing frå Trusopplæringa i Stryn,  

Bendik Kvamme og Elisabeth Skarstein 

Tilbake