Generell informasjon


Kyrkjegardsforvaltning: Fellesrådet administrerer gravlegging av alle som er busett i kommuna, uavhengig av om ein vel gravferdshandling i regi av Den Norske Kyrkje eller eit anna trus-og livssynssamfunn. Fellesrådet syter òg for at gravstadane vert drivne på ein verdig og forsvaleg måte, i tråd med gravferdslova, forskrifter og vedtekter.

Uvigsla jord: Nokre av kyrkjegardane i kommuna har graver som ligg på felt med uvigsla jord.

Gravstad: Ei eller fleire graver i eit gravfeste kalla vi ein gravstad.

Gravfeste: Ein avtale med gravferdsmynde (kyrkjeleg fellesråd) om å disponere ei grav mot betaling av festeavgift. Den som står oppført som festar er den som er kontaktperson og ansvarleg for stell og vedlikehald av gravstaden. Kvart gravfeste har ein person som ansvarleg (festar).

Festeavgift: Ei årleg avgift for grava/gravene. Den vert kravd inn av fellesrådet kvart 5.år.

Festenummer: Ved gravlegging/urnenedsetting i ei NY frigrav, får denne gravstaden tildelt eit festenummer.

Fredningstid: Alle graver på kyrkjegardane i Stryn kommune har 30 års fredningstid. Det betyr at det ikkje kan gavleggast ny kiste i fredningstida.

Frigrav: Avdøde personar som ved dødfallet er folkeregistrert i Stryn kommune og er medlem av Den Norske Kyrkja, har rett på frigrav. Har avdøde budd utanfor kommuna den siste tida, vil vedkomande også bli rekna som heimehøyrande.

Kistegrav: Dei fleste gravene på gravplassane er regulert til nedsetting av kiste.

Urnegrav: Ved alle gravplassane er det tilgjengelege graver som er regulert til urnenedsetting. Desse har lågare festeavgift enn kistegraver.

Reservering av grav: Når ei ny kistegrav vert teken i bruk kan det reserverast inn til to graver ved sidan av. Ei urnegrav har plass til 6-8 urner, og det kan ikkje reserverast grav ved sidan av.

Nedsetting av urne i eksisterande grav: Det kan settast ned urne i både kiste og urnegrav sjølv om fredningstida ikkje er ute. Fredningstida vert da forlenga tilsvarane. Dvs.30 år etter siste gravlegging.

Gravminne: Dette er festars eigedom, og vedkomande har ansvar fo stell og vedlikehald. Ved behov for oppretting/justering må festar sjølv følgje opp dette. Kyrkjekontoret kan bistå med hjelp til utføring.

Plantefelt: Det er vanleg at graver har eit plantefelt for blomster. Det er festar sitt ansvar at dette blir vedlikeholdt, og har ein ikkje høve til det, kan ein inngå ein stellavtale, eller gje beskjed til kyrkjekontoret om at plantefeltet skal såast att med grasfrø.

Stellavtale: Det skal skrivast skriftleg avtale mellom festar/stellkontakt og fellesråd om årleg avtale på stell av gravstaden, og faktura blir sendt ut ein gong i året. Våre kyrkjegardsarbeidarar plantar blomster på gravstaden og vatnar og steller etter behov. Oppseiing av avtalen må stadfestast skriftleg til fellesrådet.

Fondavtale: De skal skrivast skriftleg avtale mellom festar/stellkontakt og fellesråd om fondavtale, og eit større beløp skal  settast inn på fellesrådet sin fondskonto. Beløpet blir trekt frå fondavtalen ein gong i året og kyrkjeverja fører rekneskap over fondet. Det er opp til festar sjølv å bestemmer lengda på avtalen og beløpet som skal settast inn. Når det er lite pengar att på fondavtalen vil festar motta eit brev om dette. Oppseiing av avtalen må stadfestast skriftleg til fellesrådet.

Sletting av ei grav i eit gravfeste: Det kan slettast berre ei grav i eit gravfeste. om ein ikkje lenger har behov for å feste alle gravene. Dette må gjerast ved festeforfall og det må stadfestast skriftleg til fellesrådet. Vi slettar grava og sender eit brev som stadfesting. Festar er ansvarleg for gravminne og må besørge og bekoste flytting om det står sentrert mellom gravene.

Sletting av gravfeste: Dette må stadfestastr  skriftleg til fellesrådet. Gravstaden vert da sletta og festar mottar eit brev som stadfesting. Kyrkjegardsarbeidar set opp eit skilt på 8x5 cm i plantefeltet til gravminne som tilseier at gravstaden er sletta. Gravminne er festars eigedom, og om ynskjeleg, kan festar hente gravminnet. Blir det ikkje henta innan seks -6- månader etter festeforfall, vert gravminne fjerna av kyrkjegardsarbeidaren og sendt til destruksjon (Gravferdslova §18).

Graver over 60 år: Når ei gravstad vert 60 år(etter siste gravlegging), sender fellesrådet ut brev til festar med informasjon om at det må søkast om vidare fest.

Vern: Gravplassforvaltninga kan vedta at eit område på gravplassen, eller enkeltgraver med gravminne skal bevarast. Gravfeste blir sletta, festeavgifta utgår, gravstaden går tilbake til gravplassen og fellesrådet blir eigar av gravminne.

Tilbake