Stryn Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Påmelding tårnagent i Nedstryn, Innvik, og Randabygd


Det er tid for Tårnagent for born frå Loen, Nordsida, Randabyg, Innvik, Utvik og Nedstryn.


For 3-5 klasse i Loen vert det samling 14. og 15. mars i Loen kyrkje
For 3-4. klasse frå Nordsida og Randabygd vert det samling i Randabygd kyrkje  22. mars
Påmelding HER

Innvik og Utvik  i Innvik kyrkje 07. og 08. Februar 
Nedstryn i Nedstryn kyrkje 07. og 08. Februar 

Programmet for Loen blir omtrent slik:

laurdag
13.00: Velkomst og registrering

Oppdrag escape room

Mat Oppdrag symboljakt

Førebuing til gudstenesta søndag Tur i Kyrkjetårnet Felles avslutning

17:00 Slutt
 

Søndag

10.00: Oppmøte i Innvik kyrkje

11.00: Gudsteneste for alle

Programmet på tårnagent i Randabygd blir omtrent slik:

13.00: Velkomst og registrering

Oppdrag kodeløysing

Mat
Førebuing til gudstenesta

Oppdrag symboljakt
16:00 Gudsteneste

Kyrkjekaffi og tur i Kyrkjetårnet


Kyrkjetårn, symboljakt eller oppdrag og mysterium

Er du god på å løyse koder? Har du lyst å gå på symboljakt i kyrkja? Lurer du på kva slags mysterium du finn i bibelen? Likar du agentmat? Veit du at det står noko utanpå alle kyrkjeklokkene i landet? Kvart år blir det samla tårnagentar over heile landet, no er det vår tur! Vi vonar at du har lyst å vere ein av dei! Det kostar ingen ting å delta.

 

Englevakter

Til dykk som har ein 3. eller 4. klassing i huset: Vil de vere Englevakter? Ei Englevakt er ein som er med nokre timar denne helga, følgjer borna opp i kyrkjetårnet, hjelper til med maten, går saman med dei på symboljakt m.m.

 

Bake
Vi treng litt hjelp med mat. På påmeldingskjemaet spør vi om de kan bake pizzabollar til laurdag, eller kake til kyrkjekaffi søndag. Håpar dei fleste kan birda med noko av dette

Tilbake