Stryn Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Oppdaterte smitteverntiltak i kyrkjene frå 1. februar.


Vi gler oss over at vi igjen kan fylle kyrkjene våre med mykje folk. Dei fleste særlege tiltak som har hatt påverking for aktivitet i kyrkja fell no bort.

Det generelle påbode om å halde ein meter avstand til dei ein ikkje bur saman med, bruke munnbind der det er vanskeleg å halde avstand (inn og ut av kyrkja, og under nattverd) og å halde seg heime om ein kjenner seg sjuk, gjeld framleis. Kyrkjeromma våre er store og gode, så det ligg godt til rette for å vere saman på ein trygg og god måte.

Det er no lov å bruke alle sitjeplassane i kyrkja, og det er slutt på registrering av alle som kjem.

Her kan du lese heile smittevernplanen for kyrkja.

Tilbake